TV-aksjonen 2019

TV-aksjonen går i år til Care, med fokus på kvinner i sårbare område. Ørsta IL vil bidra!

2019-10-13
ErlendA

Den lokale innsamlingskomiteen har spurt ØIL om å gå 20 roder her i sentrum. Innsamlingsdagen er søndag 20. oktober, og bøssegåing frå kl. 14. Dette blir då omlag 2 timar innsats for vel 40 medlemmer i idrettslaget. Dette får vi til! Hugs at det går til ei god sak! 

Denne dugnaden høver ekstra godt for aktive medlemmer i ØIL, med litt hjelp (til køyring) frå nokre foreldre. Oppmøte ved Rådhuset litt før kl 14, for tildeling av rode (gater) og bøsser.
Det er flott om dei som vil gå kan melde seg på nettsida https://www.blimed.no/.

Meir om TV-aksjonen: https://blimed.no/tv-aksjonen-2019/

Kalender

Januar
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket