Årsmøtevedtak

Det ekstraordinære årsmøtet går for bygging av ny kunstgrasbane.

2018-09-17
ErlendA

Det var godt oppmøte i det ekstraordinære årsmøtet 3. september. Av dei nær 80 frammøtte var svært mange aktive tenåringar, både i fotball og friidrett. Det var gode diskusjonar i møtet. Alle ser at fotball treng meir anlegg, men det er også stor vilje til å behalde stadion som eit fleirbruksanlegg.

I årsmøtet vart det fremma eit justert forslag, for å sikre framdrift i saka. Forslaget fekk stort fleirtal.

Oppdraget til styret blir dermed:

Årsmøtet ynskjer å oppretthalde aktiviteten innanfor alle grupper laget har i dag. Når det gjeld alternative løysingar til anlegg for fotball og friidrett ynskjer årsmøtet følgande framdriftsplan:

  1. ny kunstgrasbane  sør/aust for elva (Mosflata)
  2. tribuneanlegg Aurstad Arena
  3. oppgradering/masseutskifting grasbana

Årsmøtet gir styret fullmakt til å setje ned ei gruppe som får økonomiske rammer til å arbeide vidare med saka. Gruppa rapporterer til hovudstyret. Saka vert lagt fram med reelle kostnadsoverslag per tiltak, på ordinært årsmøte i mars 2019.

 

Laget står framfor store investeringar i anlegg. Men når laget no står samla om vegen vidare, blir det lettare å få dette til. Vi vil sjølvsagt trenge eit godt samarbeid med kommunen og sponsorar også. 

Anlegga våre i Holmane, ny kommunal fleirbrukshall med symjehall, nye idrettsanlegg på Mosflata. Området er i ferd med å bli ein enorm idrettspark!

Kalender

Januar
MTOTFLS
31123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031123

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket