Ekstraordinært årsmøte 3. september

Det vert med dette kalla inn til ekstraordinært årsmøte i Ørsta IL 3. september 2018. Møtet vert i klubbhuset kl. 19.00.

2018-08-20
ErlendA

I årsmøtet i mars vart det vedteke å greie ut alternative løysingar for anlegg til fotball og friidrett. Fotballgruppa treng meir speleflate, og det så raskt som råd. Saka skal opp i ekstraordinært årsmøte 3. september. Dette vert einaste saka i dette årsmøtet.

Saksdokumenta blir lagt ut på denne sida, samt nokre eksemplar til gjennomsyn i klubbhuset.

 

Innlegg friidrettsgruppa

Innlegg friidrettsforbundet

Innlegg friidrettskretsen

Innlegg fotballgruppa

Oppsummering prosjektgruppa

Saksliste

 

Hovudstyret gjorde i møte 20. august dette vedtaket:

Forslag til vedtak i ekstraordinært årsmøte 3.september 2018

Hovudstyret ynskjer å arbeide målretta for å utvikle Ørsta Idrettslag sine anlegg for å møte behova vi ser for framtida.

Vi ynskjer å oppretthalde aktiviteten innanfor alle grupper vi har i dag. Når det gjeld alternative løysingar til anlegg for fotball og friidrett ynskjer hovudstyret følgande framdriftsplan:

  1. ny kunstgrasbane  sør/aust for elva (Mosflata)
  2. tribuneanlegg Aurstad Arena
  3. oppgradering/masseutskifting grasbana

Styret ber årsmøtet om fullmakt til å setje ned ei gruppe til å arbeide vidare med saka. Gruppa rapporterer til hovudstyret. Saka vert å legge fram på ordinært årsmøte i mars 2019.

 

Kalender

August
MTOTFLS
2930311234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627282930311

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket