Vedtak i hallsaka

Kommunestyret gjorde 21/4 vedtak om plassering av den nye fleirbrukshallen på utstillingsplassen, tett ved Ørsta stadion.

2016-04-19
ErlendA

Administrasjonen i Ørsta kommune fekk tidlegare i vår i oppdrag å gjere ei utgreiing av utstillingsplassen ved stadion som alternativ plassering for fleirbrukshallen. Kommunestyret skal gjere endeleg val av plassering 21. april.

Administrasjonen meiner hall på utstillingsplassen er det beste alternativet. Ørsta idrettslag diskuterte saka i styremøte 18. april, eit klart fleirtal støtta forslaget til administrasjonen. Ørsta idrettsråd hadde saka oppe i ekstraordinært årsmøte 19. april. Eit klart fleirtal også her gjekk inn for forslaget om plassering på utstillingsplassen.

Ved ei slik løysing blir hallen meir integrert med eksisterande idrettsanlegg, funksjonane i klubbhuset vert flytta inn i hallen.

Administrasjonen meiner hallen vil stå ferdig i 2018.

Kalender

Oktober
MTOTFLS
27282930123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket