Medlemskontingent - vennligst les

ØIL driv no med fakturering av medlemskontingent for 2015. Det er eit heilt nytt medlemsregister i år, og den nye løysinga er ikkje problemfri.

Vennligst ta deg to minutter og les artikkelen.

2016-01-11
Øyvind

Det nye medlemsregisteret for idretten i Noreg er "KlubbAdmin", ei teneste levert av NIF. På sikt er målet at medlemmene skal administrere sin eigen medlemskap i dei ulike laga. Dette er noko fram i tid, framleis er vedlikehald av medlemsregisteret ein svær oppgåve for Styret.

Overflytting av medlemmene til det nye registeret har truleg ført til fleire feil. Om du har fått eit krav du meiner er feil, eller ikkje fått krav i det heile, send melding til kasserar Bente Reklev (bente.reklev@tine.no).

Vedlikehald av medlemsregisteret er slett ikkje enkelt. Gruppene har ulike sesongar, utøvarar sluttar og nye kjem til. Vi held no på med å utvikle betre rutinar for vedlikehald av medlemsregisteret. ØIL har om lag 1200 medlemmer.

Ørsta IL er eit medlemsbasert idrettslag. Medlemmene er grunnmuren i laget. Medlemmene er motivasjonen for dei meir enn 300 frivillige som brukar mykje av fritida si på å drive laget. Det er krav til medlemskap for å delta i organisert aktivitet i regi av ØIL. Det er unntak for barneidrettsgruppa og trimgruppa, men vi vil sjølvsagt oppmode deltakarane også i desse gruppene til å støtte laget gjennom medlemskap.

Medlemskap kostar:

Born/ungdom: kr 100. Vaksne (frå 18 år): kr. 200. Støttemedlem: kr. 100. Familie: kr. 400.

Fleire grupper har treningsavgift i tillegg. Ein må ikkje forveksle medlemskontingent med treningsavgift. Ørsta IL har eit mål om at aktivitetane skal vere så rimelege som råd. Det er diverre naudsynt med økonomisk bidrag frå medlemmene, ettersom laget no har 6 millionar i årlege driftsutgifter. Mykje av utgiftene er knytt til bygging og drift av idrettsanlegg.

Kalender

Desember
MTOTFLS
2526272829301
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
303112345

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket