Nyheter

Kari Lundestad Myrold vart tildelt æresmedlemskap i Ørsta Idrettslag under årsmøte til idrettslaget

15.03.2016
- Porshad4

Saksliste til årsmøtet 2016.

29.02.2016
- Erlend Andersen

Det vert Årsmøte måndag 7. mars kl. 19.00 i klubbhuset. Frist for å melde saker er sett til 22. februar.

05.02.2016
- ErlendA

ØIL driv no med fakturering av medlemskontingent for 2015. Det er eit heilt nytt medlemsregister i år, og den nye løysinga er ikkje problemfri.

Vennligst ta deg to minutter og les artikkelen.

11.01.2016
- Øyvind

ØIL Fotball har starta arbeidet med nytt toalettanlegg ved kiwihallen, les meir om saka i mørenytt på nett

11.01.2016
- Porshad4

Dei gamle nettsidene vert tilgengelege ei stund til. Der finn ein mykje friidrettsinformasjon frå tidlegare år.

Trykk her for å kome til dei gamle nettsidene.

11.01.2016
- Porshad4
ErlendA 2016-02-21 23:15:52

Medlemskap i ØIL

Ørsta IL er eit medlemsbasert idrettslag. Medlemmene er grunnmuren i laget. Alle som driv organisert idrett i regi av laget vere medlem. Det er ikkje lov å konkurrere for laget utan gyldig medlemskap.

Medlemmene er dekt av kollektiv idrettsforsikring.

Gjennom støttemedlemskap får vaksne høve til å støtte aktivitetane i laget.

Det er ikkje krav om medlemskap for dei som er med i barneidrettsgruppa, sjølv om vi vil anbefale dette. Borna i barneidrettsgruppa er dekt av kollektiv barneidrettsforsikring i NIF.

Trimgruppa driv i hovudsak aktivitetar for ålmenta. Heller ikkje her er det krav til medlemskap, sjølv om vi vil tilrå i det minste støttemedlemskap.

Det er svært viktig at medlemsregisteret er oppdatert. Dette er også eit krav frå NIF. Hovudlaget har hovudansvar for medlemsregistert. Hovudlaget brukar KlubbAdmin, eit internettbasert medlemsregister levert av NIF. Medlemslista skal innehalde: Namn, adresse, fødselsdato, e-post (til utøvar eller føresette), mobilnummer.

Medlemmene kan administrere medlemskapen gjennom MinIdrett (https://minidrett.nif.no/). Dette gjeld både innmelding og utmelding av laget, samt kobling til gruppe/grein og familie.
Om du ikkje får til å bruke MinIdrett, send melding om endring til kasserar@orstail.no.

Fakturering av medlemsavgift gjer hovudlaget, ein gong årleg. Ein kan også betale kontingenten direkte til konto 3992 07 32015 (merk kven innbetalinga gjeld).

Det er ønskjeleg å samle flest mogleg medlemmer i familiemedlemskap. Det er kun personleg medlemskap i laget, men familiemedlemskap er ein praktisk løysing både for idrettslaget og familien.

Kontingent 2020:
Born, kr. 150.
Vaksne (over 18 år), kr. 250.
Familiemedlemskap, kr. 500.
Støttemedlem, kr. 150

Kalender

Desember
MTOTFLS
293012345
6789101112
13141516171819
20212223242526
272829303112

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket