Nyheter

Ørsta IL kallar inn til felles dugnad på Ørsta stadion onsdag 11. mai kl. 18.00. Siste finpuss før nasjonaldagen! Oppgåver: rydde/fjerne bos, fjerne ugras frå asfalt ved klubbhus og stadion, koste/spyle løpebana, koste ved klubbhus m.m. Ta med reiskap.

05.05.2016
- olve.oyehaug

Kommunestyret gjorde 21/4 vedtak om plassering av den nye fleirbrukshallen på utstillingsplassen, tett ved Ørsta stadion.

19.04.2016
- ErlendA

Vi har kjøpt 10 nye bord til klubbhuset. 

31.03.2016
- Erlend Andersen

Det vert anti-doping seminar i Ørsta kulturhus tysdag 5. april. Viktige tema, møt opp!

28.03.2016
- Erlend Andersen

Det nye kombibygget med toalett/lager ved Kiwi-hallen vart offisielt opna rett før påske.

27.03.2016
- Erlend Andersen

Kari Lundestad Myrold vart tildelt æresmedlemskap i Ørsta Idrettslag under årsmøte til idrettslaget

15.03.2016
- Porshad4

Saksliste til årsmøtet 2016.

29.02.2016
- Erlend Andersen
ErlendA 2016-02-21 23:15:52

Medlemskap i ØIL

Ørsta IL er eit medlemsbasert idrettslag. Medlemmene er grunnmuren i laget. Alle som driv organisert idrett i regi av laget vere medlem. Det er ikkje lov å konkurrere for laget utan gyldig medlemskap.

Medlemmene er dekt av kollektiv idrettsforsikring.

Gjennom støttemedlemskap får vaksne høve til å støtte aktivitetane i laget.

Det er ikkje krav om medlemskap for dei som er med i barneidrettsgruppa, sjølv om vi vil anbefale dette. Borna i barneidrettsgruppa er dekt av kollektiv barneidrettsforsikring i NIF.

Trimgruppa driv i hovudsak aktivitetar for ålmenta. Heller ikkje her er det krav til medlemskap, sjølv om vi vil tilrå i det minste støttemedlemskap.

Det er svært viktig at medlemsregisteret er oppdatert. Dette er også eit krav frå NIF. Hovudlaget har hovudansvar for medlemsregistert. Hovudlaget brukar KlubbAdmin, eit internettbasert medlemsregister levert av NIF. Medlemslista skal innehalde: Namn, adresse, fødselsdato, e-post (til utøvar eller føresette), mobilnummer.

Medlemmene kan administrere medlemskapen gjennom MinIdrett (https://minidrett.nif.no/). Dette gjeld både innmelding og utmelding av laget, samt kobling til gruppe/grein og familie.
Om du ikkje får til å bruke MinIdrett, send melding om endring til kasserar@orstail.no.

Fakturering av medlemsavgift gjer hovudlaget, ein gong årleg. Ein kan også betale kontingenten direkte til konto 3992 07 32015 (merk kven innbetalinga gjeld).

Det er ønskjeleg å samle flest mogleg medlemmer i familiemedlemskap. Det er kun personleg medlemskap i laget, men familiemedlemskap er ein praktisk løysing både for idrettslaget og familien.

Kontingent 2020:
Born, kr. 150.
Vaksne (over 18 år), kr. 250.
Familiemedlemskap, kr. 500.
Støttemedlem, kr. 150

Kalender

Januar
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket