Nyheitsbrev 2016-05

Klikk "Les mer" eller linken nedanfor å laste ned nyheitsbrevet! 

Nyheitsbrev 2016-05.pdf

2016-05-31
TOSL

Nyheitsbrev 2016-05

Kjære Handball vennar.

Da var sesongen over og dei fleste har akkurat gjort unna avslutningar for sine lag. Nokre har begynt med oppkjøringa allereie. Stå på jenter og gutar. Då eg kom heim att ein dag denne veka og såg konemora og nokre talentfulle Volda damespelarar tok bakketrening oppi geila, skjønte eg at for disse er det handball heile året ;)

Først vil styret takke alle saman for innsatsen førige sesong. Mykje bra resultat og god utvikling i alle aldersklasse i Ørsta Handball, noko som gleder mitt handball hjerte. Det var også bra med handball glede, entusiasme og engasjement blant publikum, foreldra og handball gruppa.

Det nye styret er allereie i fullt arbeid med å forberede seg for neste sesong. Eit av dei første tiltaka er å vise tilstedeværelse og tilgjengelegheit for alle i gruppa. Samtidig ønskjer styret å vere meir open med planar og aktivitetar som står foran oss. Dermed ønskjer vi å begynne med å dele informasjoner om kva slags fokus Ørsta handball har for sesongen 16/17 og framtida. Vi har store utfordringar denne sesongen og styret har ei svært vanskeleg og travelt tid foran seg for at Ørsta Handball skal vere klare for komande sesong. Det er viktig å merke seg at alle punkta nedanfor henger saman med kvarandre. Skal vi oppnå ei god utvikling i klubben, må strukturen, retningslinjer og bra fundament vere på plass. 

  • Betre informasjon og kommunikasjon til alle i gruppa (meir aktiviteter og nyheiter i FB og WEB-sida)
  • Publisering og anerkjennelser (avisa, FB, WEB-sida, kringkasting, innløpsmaskottar i landskampar, aktiviteter i Ørsta sentrum/Amfi)
  • Klare strukturer og retningslinjer (synleggjer og tilgjengelegheit av rolle beskrivelse i Handball gruppa; styrets roller, trenar, oppmenn/damer, foreldrekontakt etc.)
  • Talentutvikling og rekruttering (større fokus på aldersbestemte. Meir samhald og fellesskap rundt spelarar, trenarar, dommarar etc.)
  • Guttehandball (Hente tilbake igjen og få tak i fleire gutar til handballen)
  • Sterkare grunnlag og forberedt til forøkelse av Ørsta handball (fleire alder bestemte lag)
  • Sterkare samhald og samarbeid i laga (trenar, hjelpetrenar, oppmann/dame, foreldrekontakt, foreldregruppa og styret)

Skal vi klare dette, er Ørsta Handball gruppa avhengig av at DU stiller og ta ansvar i ulike form for roller i gruppa. Vi er avhengig av alle foreldra og senior spelarar tar eit ansvar for at vi fortsatt skal ha eit tilbod til våre barn. I tillegg forventar Ørsta Handball at foreldra er meir aktive og stå fram som støttespelarar for sine barn i foreldregruppa. Vi manglar fortsatt monge trenarar, oppmenn og foreldrekontakt. Dette er eit svært ALVORLEG problem og eg håpar at vi saman kan hjelpe kvarandre for å styrke handballgruppa vår, frå og med i morgon og framtida.

Ta gjerne kontakt med styret for meir informasjon eller dersom det er noko du lurer på.

Eg håper alle kviler godt og nyt tida med familien og vennar i sommar. Vi i styret gleda oss til å sjå nye og gamle ansikta igjen på banen etter sommaren.

God sommar!

Med vennleg helsing

Ørsta Handball Styret, v/Tom Slenes

Kalender

Desember
MTOTFLS
2526272829301
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
303112345

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket