Friidrettsgruppa i Ørsta idrettslag

Det er stor aktivitet i friidrettsgruppa i Ørsta idrettslag. Vi er av dei største og mest aktive friidrettsgruppene i Møre og Romsdal. Godt over 100 eigne utøvarar deltek på rekrutteringsstemna våre. Vi har stadig utøvarar som hevdar seg godt i fleire øvingar på landsbasis, i tillegg til mange som oppnår gode resultat og plasseringar på lokale stemne hevdar seg godt på lokale stemne.

Sjølv om vi har mange gode resultat i gruppa er det viktigaste av alt idrettsglede - og at friidrett skal vere ein idrett for alle. Vi har stor fokus på at utøvarane skal ha det sosialt og moro, i tillegg til å lære seg friidrett. Vi er også ein av dei få idrettane som tilbyr aktivitet heilt ned 3-4 års alderen.

Vi har mange aktivitetar - dei fleste av desse er faste årlege arrangement på Ørsta stadion

  • Fire større stemne

  • Seks rekrutteringsstemne for dei yngste utøvarane (tre av desse er store stemne)

  • Friidrettsskule

  • I tillegg er det faste friidrettstreningar fleire dagar i veka.

 

Dugnadar på Ørsta stadion

Vi planlegg nokre dugnadar på stadion i haust. Det vert infomert om dato når det nærmar seg.

Media

Ved å vere med i Ørsta IL friidrett eller delta på Ørsta IL friidrett sine treningar og stemne så samtykker ein i at Ørsta IL kan publisere tekst og bilete om arrangement og resultat i media, som aviser, nettsida vår og sosiale media. Dersom ein vil reservere seg mot dette må Ørsta IL friidrett få skriftleg melding om det.

Kalender

Juli
MTOTFLS
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930311234

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket