Ørsta IL friidrett arrangerer friidrettsskule på Ørsta stadion måndag 12. august - onsdag 14. august 2019.
Det er plass til 60 barn på friidrettsskulen.
Idrettsleikar er eit lokalt tilbod til barn i alderen 6-12 år som går over tre dagar i sommarferien. På Idrettsleikar skal barn få trene basisferdigheiter og prøve friidrett på ein spennande og utviklande måte prega av leik og glede.
Idrettsleikar er i regi av Norges Friidrettsforbund. Alle friidrettsklubbar har fått tilbod om å arrangere Idrettsleikar.
Kva: Spennande dagar i sommarferien der born møtast til gode aktivitetstilbod på dagtid.
Alder: 6-12 år
Varigheit: 3 dagar
Når: Måndag 12. august - onsdag 14. august, klokka 9-15.
Stad: Ørsta stadion
Påmeldingsfrist: 5. august 2019 (førstemann til mølla)
Pris: Kr 750,-
Deltakargåve: T-skjorte
Antal: 60 deltakarar
Påmelding på: http://www.deltager.no/Idrettsleker/orsta2019
Oppmøtestad: Ørsta IL klubbhus ved Ørsta stadion
Mat og drikke: Alle må ta med mat og drikke.
Innhald
Deltakarane vil få introduksjon til m.a. forskjellige friidrettsøvingar. Det vil bli innslag av løp, hopp, kast, samt leik for utvikling av balanse og motorikk i tillegg til ballspel og øvrige aktivitetar. Kyndige og engasjerte idrettsleiarar, ungdom som sjølve er aktive utøvarar i friidrettsgruppa, vil tilrettelegge og hjelpe borna på deira eigne premissar.
Bli med!
La barnet ditt få ei aktiv og sosial ferietid fylt med fysisk leik tilpassa alle nivå.
Ørsta IL friidrett har sidan 2012 arrangert friidrettsskulen Idrettsleikar veka før skulestart. Målet er å arrangere dette kvart år. Friidrettsskulen er for barn i alderen 6-12 år. Det har vore fullteikna kvart år, med rundt 60 deltakarar kvart år.
Kalender
|