Julie, Linnea, Jonatan og Noah på Lerøyleikane

Lerøy-leikane i Måndalen: Ørsta IL friidrett stiller med fire utøvarar på Lerøy-leikane i Måndalen denne helga. Lerøy-leikane er ein sosial og spennande lagkamp mellom friidrettskretsane. Det vert konkurrert i eit breidt utval av øvingar.

Julie Hovden Ryste (J13), Linnea Anine Høydalsnes Nes (J13), Jonatan Hovden Ryste (G13) og Noah Digernes Merheb (G14) frå Ørsta IL friidrett kvalifiserte seg til å representere Møre og Romsdal friidrettskrets. Isak Arneson Lothe (G14) kvalifiserte seg og, men kunne ikkje stille p.g.a. skade.

Facebook-link til stemneinfo: https://www.facebook.com/lekenemidtognordnorge

Lerøy-leikane vert ofte kalla eit "uoffisielt NM for 13- og 14-åringar". Landet vert delt inn i tre regionar, og det er tre arrangement samtidig, eitt i sør, eitt i vest og eitt i midt/nord. Det er ein konkurranse mellom friidrettskretsane i landet. Kretsen med høgst samla poengsum vinn. Møre og Romsdal har vunne konkurransen i mange år. 

2021-09-10
olve.oyehaug

Kalender

September
MTOTFLS
303112345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930123

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket