Maria tok sølv på 800 meter på NM

Maria Mjelva Straume (J16) imponerte stort då ho tok sølv på 800 meter på UM med gode 2,20,61 sek, 930 Tyrvingpoeng og ny personleg rekord. Tida er klubbens 3. raskaste 800 m for kvinner gjennom alle tider. No har Maria to sølv på 800 m på UM, for også i fjor tok ho sølv på denne distansen.

Prestasjonen er ekstra stor med tanke på at Maria fekk begynne å trene skikkeleg for berre to månader sidan etter ei sju månaders lang treningspause etter at ho vart overtrent i fjor. Maria er og ein dyktig konkurransesvømmar og hevdar seg godt også innanfor den idretten.

Thea Nilsen (J16) sette ein solid ny personleg rekord (PR) og ny klubbrekord J16 i diskos 1 kg med 30,20 m (før 26,92 m). 30,20 m er klubbens 5. lengste diskoskast kvinner gjennom alle tider. Ho sette og ny PR med 500 gr spydet 32,43 m (før 30,80 m). 2 x PR og 4. og 5. plass i eit meisterskap er gode prestasjonar!

Sprint i aldersklassen G18/19 i Norge held eit høgt nivå i år. Her er det mange som spring veldig fort og Johannes Eiksund er ein av dei. Johannes tok seg til semifinale på 100 m. Han sprang to gode 100 m som begge gav høge 900-poengarar: 988 Tyrvingpoeng for 11,42 sek i forsøket og 11,50 sek i semifinalen gav 974 Tyrvingpoeng. Han sprang 200 m på 23,81, eit løp han ikkje var heilt nøgd med.

UM (Ungdomsmeisterskap) er norgesmeisterskap i friidrett for ungdom i alderen 15-19 år. UM vart arrangert i Trondheim 3.-5. september. Mange deltakarar frå Møre og Romsdal deltok.

2021-09-05
olve.oyehaug

UM%202021%20Maria.jpg

Maria Mjelva Straume (J16) tok sølv på 800 m på UM

UM%202021%20Thea.jpg

Thea Nilsen (J16) tok 4. plass i diskos og 5. plass i spyd på UM

UM%202021%20Johannes.jpg

Johannes Eiksund (G18/19) tok seg til semifinale på 100 m på UM.

 

Kalender

Oktober
MTOTFLS
27282930123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket