Noah i storform på Ørstaleikane

Noah Digernes Merheb (G14) frå Ørsta IL friidrett viste storform på Ørstaleikane. Han sette ny klubb/aldersrekord på 200 m med 25,48 sek og 942 Tyrvingpoeng. Han sprang 60 m på 8,11 sek, ny pers og 902 Tyrvingpoeng. Noah er og god på mellomdistanse og sette solide persar på både 800 m (2.16,56) og 1500 m (4,46,55). I tillegg vart han medlem i 5-metersklubben i lengde!

Jonatan Hovden Ryste (G13) heldt høgt nivå i alt han deltok i.  Han sprang 200 m på  27,13 sek,  ny pers og ny klubb/aldersrekord G13 og 903 Tyrvingpoeng.

Madelene Almestad (J11) hoppa til ny pers i høgde 1,33 (før 1.15 m) og 992 Tyrvingpoeng. Ho støtte 2 kg kula 8,03 m som gav 953 Tyrvingpoeng.

Maria Mjelva Straume (J16) sprang 800 m på 2,23,27 og sette sesongbeste. 2,23,27 er akkurat no landets 7. beste tid på 800 m J16 i 2021.

Ramona Magdalena Ose (J12) sette ein ny solid pers i diskos 0,6 kg. 20,21 m (før 14,68 m).

Det var god deltaking i dei yngste aldersklassane 6-9 år. Innsatsen der lovar godt for framtida til Ørsta IL friidrett.

Det vart sett 47 personlege rekordar og to nye klubb/aldersrekordar i Ørsta IL friidrett på stemnet.

Det var gode resultat frå Ørsta IL friidrett sine utøvarar, men dei aller sterkaste prestasjonane kom frå Dimna IL og Hareid IL.  Det var desse klubbane som tok heim bestemannspremiane. Ikornes IL har eit sterkt kastmiljø. Anne Konstanse Sætre Solbjør (J13) utmerka seg med 1005 Tyrvingpoeng for kulestøt på 11,38 m.

Det vart delt ut bestemannspremie i fire aldersgrupper på Ørstaleikane. Kriteriet for å vinne var høgste poengsum på Tyrvingtabellen. Det var mange resultat over 1000 poeng, høgt nasjonalt nivå. Vinnarane vart:

J11-14: Synne Selvåg Larsen, Hareid IL, J12 200 m (28,26 sek) - 1018 poeng
G11-14: Kristoffer Hagen Skoge, Dimna IL, G12 60 m (8,19 sek) - 1056 poeng
J15-19: Borghild Oline Holstad, Hareid IL, J15 200 m (26,30 sek) - 1015 poeng
G15-19: Jonas André Ose, Dimna IL, G18/19, 100 m (11,17 sek) - 1013 poeng

125 utøvarar frå 19 klubbar deltok på det tradisjonsrike friidrettsstemnet Ørstaleikane i helga 28.-29. august på Ørsta stadion.Det var tydeleg at utøvarane sette stor pris på å få delta på stemne igjen etter ei lang tid med få tilbod om stemne p.g.a. pandemien.

Rundt 50 av utøvarane representerte Ørsta IL friidrett. Dei andre 75 var frå andre klubbar i Møre og Romsdal og nabofylket Vestland. Stemnet vart arrangert i tråd med gjeldande smittevernsreglar.

Resultatliste Ørstaleikane 2021.pdf

2021-08-30
olve.oyehaug

Noah Digerned Merheb (G14) var i storform på Ørstaleikane. Han sette ny klubb/aldersrekord på 200 m.

Kristian Aarflot Årdal (G11) tok 2. plass i kule med 7,32 m.

Ragne Øyehaug (J11) sette pers i kule, og fekk med seg fleire medaljar heim. Her hoppar ho i lengde.

Målfrid Vartdal-Woldsund tok tredjeplass i 60 m hekk. Her har ho ein god sats i lengde.

Noah Digernes Merheb (G14) og Jonatan Hovden Ryste (G13) spurtar i mål på 1500 m.

Jonatan Hovden Ryste (G13) i god fart over hekken.

Filip Hogen (G17) hoppa 11,17 m på tresteg.

Kalender

Oktober
MTOTFLS
27282930123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket