Friidretten startar opp att etter sommarferien

Friidretten startar straks opp att etter sommarferien.

16.-18. august: Friidrettsskule for 7-12-åringar. Alt er klart til å ta i mot dei 38 påmelde. Info er sendt på epost til alle som har meldt seg på.

22. august (søndag): Sparebanken Møre Akslaleikane i Ålesund. Påmelding via minidrett.no (eller appen MinIdrett). Påmeldingsfrist torsdag 19. august. Betaling til oppmann i Ørsta IL friidrett ved frammøte på stemnet (betaler 50% av startkontingent). Link til innbyding: https://www.friidrett.no/globalassets/kretser/more-og-romsdal/dokumenter-2021/innbydelser/aug-sept/sparebanken-more-akslaleikane-2021.pdf

24. august (tysdag): Treningane til Ørsta IL friidrett startar opp att for alle i alderen 6 år (2015-modellar) og eldre. Første trening er tysdag 24. august kl 18.

28.-29. august (laurdag og søndag): Ørstaleikane på Ørsta stadion - dette er Ørsta sitt storstemne med mange øvingar (her treng vi hjelp frå alle foreldre som har barn på friidrett - set av både laurdag og søndag). Påmelding via minidrett.no (eller appen MinIdrett). Påmeldingsfrist tysdag 24. august. Ørsta IL friidrett sine utøvarar betaler kr 50,- ved frammøte. Link til innbyding: https://www.friidrett.no/globalassets/kretser/more-og-romsdal/dokumenter-2021/innbydelser/aug-sept/innbyding-orstaleikane.pdf

2021-08-14
olve.oyehaug

Kalender

Oktober
MTOTFLS
27282930123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket