32 personlege rekordar og fleire resultat i norgestoppen på KM i Molde

KM i Molde var ei god oppleving for Ørsta IL friidrett sine unge utøvarar.

Jonatan Hovden Ryste (G13) imponerte stort på KM med fleire resultat i norgestoppen akkurat no i løp. Han tok fem gull og ein sølv i distansar frå 60 m til 1500 m. Har er no nr. ein i klasse G13 i Norge på 60 m hekk. Tid 10,25 og ny personleg rekord (PR). På 60 m er han no Norges femte beste G13 etter laurdagens løp på 8,35 som er ny PR.  På 600 m sette han ny klubb/aldersrekord og PR med 1,41,52. Søndag sprang han på 27,22 på 200 m. Ny og best i Norge G13 på 200 m. Ikkje nok med det. Så gjekk han laus på 1500 m og sette ny PR 4,48,87 som er topp 8 i Norge G13. 923 Tyrvingpoeng fekk han med heim for 1500 meter-løpet. Nokre minutt etter at han var i mål på 1500 sprang han Norges raskaste 200 m hekk så langt i år på 32,96 og ny PR.

Julie Hovden Ryste (J13) viste at også ho er i landstoppen. 60 m hekk sprang ho på11,07. Ny PR og Norges fjerde beste J13 i år. Ho er no topp 3 i Norge J13 på 200 m hekk med 35,26 og topp 3 i Norge J13 på 200 m 29,28. Begge resultata er ny PR.

Ørstas raskaste mann Johannes Eiksund (G18/19) sprang inn til sesongbeste 11,49 på 100 m og fekk 976 Tyrvingpoeng for innsatsen. Søndag sprang han 200 m på 23,60 og 919 Tyrvingpoeng.

Filip Hoggen (G17) tok seg inn blant topp 10 Norge G17 i to øvingar: Nr 10 på 400 m med 56,06 og nr 9 i lengde 5,57 m. Begge resultata er nye PR.

Isak Arneson Lothe (G13) vart kretsmeister i høgde med 1,30 cm.

Thea Nilsen (J16) spesialiserer seg på kast. Ho vart kretsmeister i diskos med 23,61 m.

Jenny Hermine Bjørneset (J15) sprang 2000 m som er UM-øving J15. Ho sprang i mål på 9,04,60 og kan no berre førebu seg til å springe 2000 m i UM 2021.

Linnea Anine Høydalsnes Nes (J13) spring stadig raskare. Ho tok seg til finale på 60. Ho sprang på gode 8,91 sek.

Kristian Aarflot Årdal (G11) var stadig på pallen og tok i mot medaljar. Han vart kretsmeister i høgde med ny solid PR på 1,23 m.

Madelene Almestad (J11) er både sterk og rask. Ho tok med mange medaljar heim og vart kretsmeister i lengde, kule og liten ball. I tillegg sette ho alders/klubbrekordar. 

Ragne Øyehaug (J11) tok med seg heim tre sølv og ein bronse og fem nye PR. Gjevast var kanskje ny PR på 60 m der ho no sprang på 9,69.

Lea Johanne Asbjørnsdotter Skotte (J11) viste flott framgang og tok seg til finale på 60 m med ny solid PR på 9,75. I lengde tok ho bronse med ny PR på 3,52 m.

Dei yngste utøvarane stilte stafettlag på 4x60 m i klassen Mix 11-12 år. Der tok Ørsta sitt lag sølv med 39,77 sek.

Det vart sett tre aldersrekordar i klubben: J11: Madelene Almestad, 200 m på 32,05 og 60 m hekk på 11,25 sek. G13: Jonatan Hovden Ryste, 600 m, 1,41,52.

KM i friidrett vart arrangert på Molde idrettspark 19. og 20. juni. Det var rundt 160 utøvarar frå heile fylket. Spesielt god var deltakinga frå søre Sunnmøre. Ørsta IL friidrett stilte med 12 utøvarar i alderen 11-18 år. Dei sette til saman 32 personlege rekordar.

2021-06-21
olve.oyehaug

Jonatan Hovden Ryste er i landstoppen i klassen G13 i løp.

 

Ørsta IL friidrett sine yngste utøvarar på KM, 11-13 år. Framme f. v.: Kristian Aarflot Årdal, Lea Johanne Asbjørnsdotter Skotte, Ragne Øyehaug og Madelene Almestad. Bak f. v.: Isak Arneson Lothe, Julie Hovden Ryste, Jonatan Hovden Ryste og Linnea Anine Høydalsnes Nes.  

 

Ørsta sitt stafettlag på 4 x 60 m: Framme f.v. Kristian Aarflot Årdal, Ragne Øyehaug, Bak f.v. Lea Johanne Asbjørnsdotter Skotte og Madelene Almestad. 

 

Jonatan Hovden Ryste sette klubb/aldersrekord på 600 m med 1,41,52.

 

Isak Arneson Lothe (G13) vart kretsmeister i høgde med 1,30 cm.

 

Julie Hovden Ryste og Linnea Anine Høydalsnes Nes (J13) fekk pallplassar og sette personlege rekordar på 60 m med 8,87 og 8,91 sek. 

 

 

Kalender

Oktober
MTOTFLS
27282930123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket