Ørsta imponerte på Dimnaleikane

Ørsta IL friidrett stilte med 20 ivrige utøvarar på det første friidrettsstemne utanfor klubben på lang tid. I strålande solskin og fin temperatur vart det sett mange personlege rekordar på Dimnaleikane i Ulsteinvik. Det var og stor medaljefangst til Ørsta på stemnet.

I første del av stemnet var det enorm deltaking. Ørsta sine yngste i alderen 9 år og nedover sette personlege rekordar i fleng. I andre del av stemnet var det aldersgruppene 10-19 år som konkurrerte.

Madelene Almestad (J11) tok med seg heim fire medaljar, tre gull og ein sølv. I lengde fekk ho 941 Tyrving-poeng for beste hopp på 4,07 meter.

Julie Hovden Ryste og Linnea Høydalsnes Nes (begge klasse J13) gav kvarandre tøff konkurranse og var best klassen J12. Julie tok 1. plassar på 60 m, 200 m og lengde. Tett bak kom Linnea og to 2. plassane i same øvingane. I høgde persa Julie solid og hoppa 1,43 m og 932 Tyrving-poeng.

Pia Flatjord Tofteland (J12) hoppa til gull i lengde med 4,57 m og fekk 972 Tyrving-poeng.

Ørstas raskaste mann, Johannes Eiksund viste at han er i rute til ny pers og tok andreplass på 100 m i klassen G18/19 på gode 11,51 sek i godkjend vind (972 Tyrving-poeng). Tredjeplassen var det kameraten Sondre Espelid frå Dimna IL som tok med 11,55. Vinnar var ein av landets raskaste 19-åringar, Jonas Andre Ose frå Dimna på 10,80.

Det var ingen tvil om at mange såg fram til å kunne delta på stemne igjen. Med over 200 deltakarar, i hovudsak frå Søre Sunnmøre, så vart stemnet delt i to. Arrangør Dimna IL hadde gjort grundig planlegging for å kunne gjennomføre det store stemnet i tråd med gjeldande smittevernreglar.

Resultatliste ligg på www.dimna.no 

2021-05-31
olve.oyehaug

Dimna-2021-05-30-Kristian.jpg

Kristian Aarflot Årdal (G11) tok gull i kule og sølv på 60 m og lengde.

Dimna-2021-05-30-Jonatan%20og%20Isak.jpg

G13: Jonatan Hovden Ryste (t.v) tok gull på 200 m og 600 m med solide persar og tok bronse lengde. Isak Arneson Lothe (t.h) tok gull i høgde med 1,32 og ny solid pers (før 1,15).

Dimna-2021-05-30-G18-19%20Johannes%20og%20Sondre.jpg

Johannes Eiksund (G18/19) t.h. tok andreplass på 100 m med 11,51. Sondre Espelid frå Dimna IL t.v. tok tredjeplassen.

Dimna-2021-05-30-Julie%20hopp.JPG

Julie Hovden Ryste (J13) hoppa til gull i lengde med 4,63 m.

Dimna-2021-05-30-Julie%20og%20Linnea.jpg

Julie Hovden Ryste (t.v) og Linnea Høydalsnes Nes (t.h.) gav kvarandre tøff konkurranse og var best klassen J13.

 

Kalender

Oktober
MTOTFLS
27282930123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket