Resultat frå klubbstemne 8. mai

41 motiverte utøvarar konkurrerte på klubbstemnet som Ørsta IL friidrett arrangerte laurdag 8. mai. Resultata var gode trass låg temperatur og både hagl og regn mot slutten av stemnet. 

Madelene Almestad (J11) sletta den 27 år gamle klubbrekorden for aldersklasse J11 på 60 meter hekk med 12,73 sek. Den gamle rekorden frå 1994 var på 12,74 sek og var sett av mor til Madelene, Anita Kristiansen.

Ørstas raskaste mann Johannes Eiksund konkurrerer no i 18/19-årsklassen. Han sprang 100 m i kraftig regn og solid motvind på 12,36 sek. Det viser at han er godt i rute tidleg i utandørssesongen.

I klassen G-12 imponerte nykomanane Trym Ville-Krøvel og Ruben Urkegjerde. Dei starta med friidrett i vinter og i dag tok dei første- og andreplass i alle øvingane dei deltok i. 

Friidrettsgruppa har endeleg kome i gang igjen med stemne for 6-9-åringane. I dag deltok 13 av dei på stemne. I fjor var det ingen stemne for denne aldersgruppa p.g.a. pandemien. Ørsta IL friidrett er no godt i gang med å bygge opp att den gruppa og ser fram til å arrangere fleire stemne og treningar også for den aldersgruppa.  

Stemnet var for aldersgruppa 6-19 år. Deltaking var avgrensa til Ørsta IL sine utøvarar og avgrensa i aldersklassar p.g.a. covid-19-pandemien. Stemnet vart arrangert i tråd med gjeldande smittevernsreglar.

Trykk på linken for resultatliste: Resultat - Klubbstemne 8 mai 2021

2021-05-08
olve.oyehaug

Kalender

Oktober
MTOTFLS
27282930123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket