Stor gåve frå hovudsponsor SpareBank1 Søre Sunnmøre til tidtakarsystem

Hovudsponsor SpareBank1 Søre Sunnmøre tildelte kr 30 000 i Drivkraftmidlar til Ørsta IL friidrett fredag 5. mars. Midlane skal gå til nytt tidtakarsystem. 

Midlane er eit stort og viktig bidrag til finansiering av tidkararsystemet. Det nye utstyret frå FinishLynx vert installert på Ørsta stadion før sesongstart. Dette er utstyr på nivå med det som vert brukt på store stemne over heile verda. Det gamle tidtakarsystemet var over 20 år, og tida var inne for å skifte det ut. 

Med denne tildelinga, spleisen i februar, tidlegare mottekne gåvemidlar og oppsparte midlar i klubben er det nye tidtakarsystemet fullfinansiert.     

2021-03-05
olve.oyehaug

Gunvor Anita Romestrand frå hovudsponsor SpareBank 1 Søre Sunnmøre overrekte Drivkraft-midlar på kr 30 000,- til Ørsta IL friidrett ved leiar Olve Øyehaug. Midlane skal gå til nytt tidtakarsystem. 

Kalender

Oktober
MTOTFLS
27282930123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket