"Rekordenes aften" på treningsstemne tysdag 15. september

Treningsstemnet på stadion tysdag 15. september vart "rekordenes aften" med 46 nye personlege rekordar, fire nye klubb/aldersrekordar, ett resultat på over 1000 Tyrvingpoeng og fem resultat på over 900 poeng! 

45 deltakarar gjorde ein flott innsats på stemnet. Det vart konkurrert i 60 m, 100 m, 400 m, 600 m, lengde og tresteg.

Det var kjekt å sjå god deltaking og full innsats i 8- og 9-årsklassane. Det gror godt i dei yngre aldersgruppene.

Trykk på linken resultat: Resultatliste treningsstemne

 

Nye klubb/aldersrekordar:

G12: Jonatan - 14,65 på 100 m.

J10: Madelene - 15,82 på 100 m og 8,36 m i tresteg (sone).

J12: Linnea Anine - 14,66 på 100 m.

Tyrvingpoeng og meir:

Madelene (J10) fekk heile 1036 Tyrvingpoeng i tresteg (sone) for sitt hopp på 8,36 m som er ny PR.

Johannes (17) sprang 100 m på gode 11,56 og fekk 989 Tyrvingpoeng.

Julie (J12) hoppa 9,10 m i tresteg (sone). Ny PR og 960 Tyrvingpoeng.

Så fekk Agnes (J10) litt sprett i fotan og satte ny PR i tresteg (sone) med eit hopp på 7,42 m og 942 Tyrvingpoeng. 

To 900 - poengarar i tresteg (sone) J11: Pia hoppa 8,13 m ny PR og 933 Tyrvingpoeng. Frøya kunne også gå heim med ny PR 8,09 m og 929 poeng. 

Jonatan (G12) klarte nesten 900 poeng. 899 Tyrvingpoeng fekk han etter å ha hoppa til ny PR 9,09 m i tresteg (sone).

Kristian (G10) hoppa 3,54 m i lengde (sone) og 878 poeng. 

Filip (G16) med flott ny PR på 400 m 57,04 (før 58,05).

Elise (J14) med sesongbeste på 100 m 14,18 og i lengde 4,45 m.

 

 

2020-09-15
olve.oyehaug

Kalender

Januar
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket