Mange KM-medaljar og 28 nye personlege rekordar til Ørsta IL friidrett på kretsmeisterskap

Det var god innsats i variabel vind på Aksla stadion i Ålesund under Akslaleikane/KM dag 2. Det vart mange KM-medaljar, 28 nye personlege rekordar, tre nye klubb/aldersrekordar, tre resultat over 900 Tyrvingpoeng og to resultat på topp-10 i Norge på Ørsta IL friidrett sine 17 utøvarar som deltok på stemnet.

Aron Bjørdal Berg (G11) sette ny PR og ny klubbrekord G11 på 60 m hekk (68,0) på tida 11,72. Filip Hoggen (G16) har pr no det sjette beste resultat i landet i tresteg G16 med ny storflott PR 11,58 m (før 10,93 m). 

Madelene Almestad (J10) held fram med å sette klubbrekordar og 900-poengarar. Ho reiste heim med ny PR og klubbrekord J10 på 60 m 9,62 (før 9,78) og 900 Tyrvingpoeng. Ny PR og klubbrekord J10 på 60 m hekk (68,0) med tida 11,88 og 946 Tyrvingpoeng. 

To jenter i aldersklassen J11 har svært god dreis på 2 kg kula: Pia Flatjord Tofteland fekk opp 7,19 m som er ny PR og 903 Tyrvingpoeng. Frøya Bernseter Keilen følgde opp med ny PR 7,08 m og 896 Tyrvingpoeng.  

Anne Stave (J13) hadde eit tresteghopp med ny PR 9,01 m. Ida Rebbestad Schjetne (J13) fekk opp 8,83 m og ny PR med 2 kg kula.

Thea Nilsen (J15) sette ny PR 30,80 m (før 29,45 m) med 500 gr spydet. Akkurat no er no nr 10 i Norge med 500 gr spydet J15.

Det var flott innsats og gode resultat frå resten av gruppa. Nokre av utøvarane sette personleg rekord i alle øvingane dei deltok i.

Akslaleikane/KM vart arrangert av Ålesund Friidrettsklubb på Aksla stadion søndag 13. september. Det var til tider flott ver med solskin og fin temperatur.

 

2020-09-14
olve.oyehaug

KM%20ute%202020%20-%2060%20m%20hekk.jpg

60 meter hekk for klasse J11 og G11. Det tre næraste i biletet: Pia Flatjord Tofteland, Madelene Almestad og Frøya Bernseter Keilen.

KM%20ute%202020%20-%20Ragne%20%D8yehaug.jpg

Ragne Øyehaug (J10) sette personleg rekord i alle tre øvingane ho deltok i.

KM%20ute%202020%20-%20Filip%20Hoggen.jpg

Filip Hoggen (G16) sette ny pers i tresteg og ligg pr no på 6. plass i landet i tresteg i si klasse.

 

KM%20ute%202020%20-%20Aron%20Bj%F8rdal%20Berg.jpg

Aron Bjørdal Berg (G11) sette klubbrekord på 60 m hekk og hoppa også svært godt i lengde.

KM%20ute%202020%20-%20Isak%20H%E5vard%20og%20Arnstein.jpg

Isak Vindfjell (bronse i G13), Håvard Bernseter Keilen (sølv i G13) og Arnstein Ose (gull i G15) tok medaljar i slegge.

KM%20ute%202020%20-%20Anne%20Stave.jpg

Anne Stave (J13) tok sølv på 200 m og bronse på tresteg.

Kalender

Januar
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket