No er heile ungdomsgruppa i gang att med fellestrening

No er heile ungdomsgruppa i Ørsta IL friidrett i alderen 13 år og oppover i gang att med fellestreningane. Vi følgjer råda frå forbund og myndigheiter med tanke på smittevern. Det gjer at vi deler inn i grupper på maks fire utøvarar og ein trenar. Kun kastgruppa bruker reiskap, som må desinfiserast før og etter bruk. Resten har kun inntil vidare grunntrening med løp og spenst/styrke utan bruk av utstyr.

2020-05-05
olve.oyehaug

Trening%20april%202020%20stadion%20%u2013%20600.jpg

Sigrid Vartdal, Elise Aarflot og William Lillefosse trena sprintintervall.

Rett etter påske fekk dei som er 14 år og eldre starta opp. I dag tysdag 5. mai fekk også 13-åringane starte. Det er ein motivert og ivrig gjeng som stiller på treningane. 

Inndelinga i små grupper gjer at det er mange trenarar som er involverte. Det gjer at vi førebels ikkje har trenarkapasitet til å opne for dei som er yngre endå.

 

Kalender

Juli
MTOTFLS
293012345
6789101112
13141516171819
20212223242526
272829303112

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket