Tvillingane Julie og Jonatan vart krinsmeistrar i friidrett

Jonatan Hovden Ryste (G12) vart krinsmeister på 60 m, 200 m, 600 m og 1000 m kappgang i Ulsteinhallen i helga. Tvillingsyster hans, Julie Hovden Ryste (J12), vart krinsmeister i kappgang og lengde, og ho hadde nest beste tid på 60 m.

2020-03-01
olve.oyehaug

Isak Vindjell (G12) vann 200 m på 28,10 sek etter ein svært tøff spurt på oppløpssida. Oskar Mjelva Straume (G12) vann stavhopp med 1,90 m. Johannes Eiksund (G17) vann 60 m på 7,44 og 946 Tyrvingpoeng. Amalie Tomasgard (J18/19) vann 1500 m på 5,14,41 og sette ny innandørs klubbrekord. Resultata lovar godt for Johannes og Amalie som skal på UM komande helg.

Det vart og mange andre krinsmeistrar, medaljar og gode resultat til dei 30 utøvarane frå Ørsta IL friidrett. Oppteljinga viste 48 personlege rekordar og 12 nye klubb/aldersrekordar.

Arrangør Dimna IL imponerte igjen denne helga. Fredag kveld arrangerte dei elitestemnet Karstein Warholm International i ein fullsett Ulsteinhall, med over 1000 publkumarar i hallen. Laurdag og søndag arrangerte dei krinsmeisterskap med godt over 200 deltakarar.

Resultatliste ligg på www.dimna.no

Dei gode prestasjonane kjem av den gode veksten i friidrettsgruppa i Ørsta dei siste åra. Stadig nye talent dukkar opp, og det er god breidde i gruppa. Mange nye utøvarar frå Volda kjem til Ørsta for å halde på med friidrett.

I mars stiller gruppa med utøvarar på UM (NM for ungdom) og på Bamseleikane, landet største innandørsstemne. 

KM%202020%20tvillingane%20-%20600.jpg

Tvillingane Jonatan og Julie Hovden Ryste imponerte stort i klassane G12 og J12.

KM%202020%2060%20m%20-%20600.jpg

Ørsta på pallen på 200 m for G13, f.v.: Arn Buset Bredeli, Molde Olymp (halvt ørsting) 28,14, Isak Vindfjell, Ørsta IL, 28.10, og Noah Digernes Merheb, 28,54.

 

KM%20G12%20Vemund%20Jonatan%20Rasmus%20-%20600.jpg

G12 klare for 60 m, f.v. Vemund Råheim Vatne, Jonatan Hovden Ryste og Rasmys Nymark.

KM%20G12%20ved%20start%20-%20600.jpg

G12 klare for start.

KM%202020%20Oskar%20-%20600.jpg

Oskar Mjelva Straume (G12) vann stavhopp med 1,90 m.

Kalender

Mars
MTOTFLS
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930311234

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket