Bamseleikane 2020

Kvart år arrangerer Ørsta IL friidrett ein sosial overnattingstur om vinteren og ein om sommaren. Vinterturen går ofte til Bamseleikane på Stange i mars. Også i 2020 har friidrettsgruppa valt å delta på dette sosiale familiestemnet i Stangehallen. 

2020-01-08
olve.oyehaug

 Der er det premiar til alle, og som namnet på stemnet er premiane sjølvsagt bamsar. Det er klasser frå 10 år til senior. 9-åringar kan melde seg på i 10-års klassen. Kva øvingar de ynskjer å vere med på kan vi kome tilbake til. Det som er viktig no er overnattingar. Vi arbeider med å reservere overnatting, og må sende endeleg bestilling av overnatting om ikkje så lenge.

Dette er ein familietur der gruppa er med på å sponse delar av turen. Dei som melder seg på må derfor ha fast oppmøte på treningane til klubben. Eigenandel: Alle betaler ca kr 600 for opphald (to netter) og fellesmåltid laurdag. Utøvar dekker sjølv reise, øvrig mat og halv startkontingent for dei øvingane dei er påmelde i. Om vi finn overnatting med frukost, vert eigenandelen auka noko.

Vi må vite kor mange som blir med i familien din seinast fredag 17. januar. Det er bindande påmelding. Om ein ikkje kan reise må ein likevel betale eigenandel.

Har de spørsmål ta kontakt med Olve Øyehaug på tlf: 986 00 148 eller epost orstail.friidrett@gmail.com

Stemneinformasjon på:

https://www.friidrett.no/k/oppland-og-hedmark/arrangement/bamselekene/

https://www.friidrett.no/globalassets/kretser/hedmark-og-oppland/arrangement/bamselekene/2020/invitasjon_bamselekene_2020.pdf

www.facebook.com/bamselekene

Håper mange vil ta turen til Stange ved Hamar.

Kalender

Januar
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket