32 deltakarar, fleire resultat over 900 poeng og mange persar

Det var god deltaking på innandørsstemnet i Ørstahallen tysdag 17. desember. 32 deltakarar konkurrerte i lengde utan tilløp, høgde utan tilløp og kule. Det vart mange persar.

Trykk her for resultatliste

2019-12-17
olve.oyehaug

Årets siste friidrettstemne vart samstundes det første friidrettsstemne i storstova Ørstahallen.

Og det gjekk verkeleg godt. Ei relativt stor gruppe med lovande 10 - 12 åringar varta opp med strålande innsats og resultat på høgt nivå!

Heile 69 nye personlege rekordar såg dagens lys stemnet!

Det kom også opp fire resultat over 900 poeng!

Når ein er 10 år og hoppar over 2 m i lengde utan tilløp så har ein god sprett i fotan. 10 år gamle Madeleine Kristoffersen hoppa strålande 2,01 m og fekk heile 976 Tyrvingpoeng for innsatsen. Madeleine var kun ein centimeter bak klubbrekorden J10 i lengde utan tilløp.

Aron Bjørdal Berg (G10) hoppa 1,96 m i lengde utan tilløp og fekk 930 Tyrvingpoeng.

Rasmus Nymark (G11) kunne ta med seg heim 915 Tyrvingpoeng etter eit hopp på 2,08 m i lengde utan tilløp

Håvard Bernseter Keilen (G12) fekk 915 Tyrvingpoeng etter å ha hoppa 1,10 m i høgde utan tilløp.

2019-12-17%20Treningsstemne%20Ida%20%u2013%20600.jpg

Ida Rebbestad Schjetne (J12) gjer seg klar til høgde utan tilløp, der ho hoppa 95 cm og tok delt førsteplass.

Kalender

Januar
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket