28 medaljar, 23 nye klubb- og aldersrekordar og personlege rekordar til alle frå Ørsta IL friidrett på Sparebanken Møre leikane i Ulsteinhallen

Ørsta IL friidrett imponerte på stemnet med mange deltakarar, stor innsats og gode resultat. 30 utøvarar frå Ørsta IL friidrett i alderen 5 til 18 år stilte til start. 

2019-11-23
olve.oyehaug

Alle Ørsta IL sine utøvarar i aldersgruppene 10 år og eldre kunne slutte dagen i Ulsteinhallen med ein eller fleire nye personlege rekordar innandørs. Det vart sett 23 nye innandørs klubb/aldersrekordar, og det var sju resultat over 900 poeng på Tyrving-tabellen. Medaljane som utøvarane fekk var 8 gull, 12 sølv og 8 bronse.

Johannes Eiksund (G16) var den frå klubben som fekk høgste poengsum på Tyrvingtabellen med 983 poeng og gull på 60 meter på 7,46 sekund, berre 1/100 bak pers. Han tok sølv på 200 m med tida 24,41 og sette ny klubbrekord G16.

Julie Hovden Ryste (J11) tok gull på 60 m med 9,26 s, gull i lengde med 4,08 m (ny klubbrekord J11) med og sølv i høgde med 1,20 m (ny klubbrekord J11).

To unge jenter som imponerte stort var Ida Rebbestad Schjetne og Anne Stave i klassen J12. Begge starta med friidrett for under ein månad sidan og tok medalje på sitt første friidrettsstemne. Ida støytte 8,02 m i kule, tok sølv og sette ny klubbrekord J12. Anne hoppa 3,99 i lengde og tok bronse, berre sju cm frå gull.

Ein av årsakene til den gode deltakinga og dei gode resultata frå Ørsta IL er veksten som har vore på vintertreningane etter at Ørstahallen vart opna. 

Det var nesten 300 deltakarar på Sparebanken Møre leikane i Ulsteinhallen laurdag 23. november. Dei fleste deltakarane kom frå Sunnmøre, men resten av fylket og Sogn og Fjordane var og godt representerte. Arrangør av stemnet var Dimna IL. Resultatliste frå stemnet ligg på www.dimna.no

Dette var det siste store stemnet i regionen i år. 2019-sesongen har vore ein av dei beste sesongane for Ørsta IL friidrett på mange år, med gull og sølv i junior NM, stor deltaking og gode plasseringar i nasjonale meisterskap, god deltaking og prestasjonar på lokale stemne, og stor deltaking på treningane.

 

Ulsteinhallen%20nov%2019%20Julie%20%u2013%20600.jpg

Julie Hovden Ryste (J11) tok gull på 60 m med 9,26 sek., gull i lengde med 4,08 meter, og sølv i høgde med 1,20 m.

Ulsteinhallen%20nov%2019%20Ida%20%u2013%20600.jpg

Ida Rebbestad Schjetne (J12) imponerte med sølvmedalje i kule på sitt første friidrettsstemne.

Ulsteinhallen%20nov%2019%20Johannes%20%u2013%20600.jpg

Johannes Eiksund tok gull på 60 m med tida 7,46 sek og 983 Tyrving-poeng.

Ulsteinhallen%20nov%2019%20Stavhopp%20%u2013%20600.jpg

Maria Mjelva Straume, Elise Aarflot og Jenny Bjørneset gjer seg klare til stavhopp.

Ulsteinhallen%20nov%2019%20J9%20Ragne%20Lea%20Madeleine%20600.jpg

Ragne Øyehaug, Lea Johanne Asbjørnsdottir Skotte og Madelene Almestad deltok på 60 m og lengde i klassen J9.

Kalender

Januar
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket