Bronse til Anna og Elias på UM

Anna Hjellen Haugland (J17) kasta 3 kg slegga ut til 45,57 m (1018 Tyrvingpoeng) og tok bronsemedaljen på UM. Dette er Anna sin første meisterskapsmedalje på UM-nivå. Elias Hovden Nilsen kasta spydet ut til 55,49 m og tok bronsemedaljen.

2019-09-09
olve.oyehaug

Kastinga var under vanskelege forhold med motvind og nedbør. Ein storarta stemnesesong er over for Elias, som vart norgesmeister på NM for junior for to veker sidan.

Ørsta IL friidrett stilte med seks utøvarar på UM, norgesmeisterskap i friidrett for ungdom i alderen 15-19 år.

Nahom Kibreab Ghebrehiwet (G18/19) sette solid personleg rekord på 800 m med 2,00,65 (før 2,03,89). Han sprang også 400 m. Johannes Eiksund (G16) sprang sin raskaste 100 m nokon gong på 11,80 sek, med litt for sterk medvind +2,1 for godkjend pers. Sigrid Vartdal (J18/19) sprang inn til årsbeste på 100 m med 13,50 i godkjend vind. Både Sigrid og Johannes sprang gode 200 m, men sterk motvind prega tidene. Amalie Tomasgard (J17) tok 7. plassen på 800 m med tida 2,35,20.

Ørsta IL friidrett kan no sjå tilbake på ein av dei beste meisterskapssesongane på lenge, med gull og sølv på junior NM, medaljar på UM, deltaking på senior NM og landslagsplass i nordisk lagkamp.

UM, Ungdomsmeisterskapen vart arrangert på Jessheim i helga 6.-8. september. Naboklubbane Dimna IL og Ålesund FIK fekk og mange gode resultat.

For meir info sjå: http://www.ullkisafriidrett.no/um-2019.aspx

Anna%20UM%202019-600.jpg

 

Anna Hjellen Haugland (J17) kasta 3 kg slegga ut til 45,57 m (1018 Tyrvingpoeng) og tok bronsemedaljen på UM.

Elias%20UM%202019-600.jpg

Elias Hovden Nilsen kasta spydet ut til 55,49 m og tok bronsemedaljen, under vanskelege forhold med motvind og nedbør.

Kalender

Mai
MTOTFLS
262728293012
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31123456

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket