Ørsta var med på å vinne kretskampen på Lerøy-leikane

Møre og Romsdal sitt friidrettslag vann Lerøy-leikane i Måndalen i helga. Resultata frå Ørsta IL friidrett sine fem utøvarar var viktige for sigeren. Møre og Romsdal vann med 345 poeng. Tett bak kom Nord-Trøndelag med 314 og Troms 309 poeng. 

2019-09-01
olve.oyehaug

Lerøy-leikane er ein lagkamp der friidrettskretsane konkurrerer om å få flest poeng.  

Dei fem utøvarane frå Ørsta IL friidrett som hadde kvalifisert seg til Lerøyleikane gjorde ein flott innsats og alle kom på pallen. Elise Aarflot sprang raskast 60 m av alle J13 på tida 8,51 og fekk heile 970 Tyrving-poeng. Thea Nilsen (J14) tok gullet i spyd med 31,73 m.  Maria Mjelva Straume (J14) tok gull i stav (1,82 m) og det nesten utan å ha hoppa stav før. Ho tok sølv på 1500 m med 5,19,07. Jenny Hermine Bjørneset (J13) tok bronse på både 600 m (1,52,74) og 1500 m (5,47,58). Arnstein Nikolai Ose (G14) tok bronse i slegge med 28,62 m. Det vart og mange andre gode enkeltresultat, men det som stod i fokus var å gjere sitt beste for å skaffe poeng til laget. 

Lerøy-lekene 2019 for Midt- og Nord-Norge samla kretsane i Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark og vert av mange rekna som årets store hending for landets 13- og 14-årige friidrettsutøvarar. Lerøy-leikane samlar 7-800 jenter og gutar på tre stader i landet. 

Ler%F8y2019%20gruppe-600.jpg

Møre og Romsdal sitt lag vann kretskampen.

 

Ler%F8y2019%20%D8rsta%20gruppe%20600.jpg

Ørsta IL friidrett sine utøvarar som hadde kvalifisert seg til kretslaget. F.v.: Thea Nilsen, Maria Mjelva Straume, Jenny Hermine Bjørneset, Elise Aarflot og Arnstein Nikolai Ose.

 

Meir info på nettsida til kretsen: https://www.friidrett.no/k/more-og-romsdal/arrangement/kalender-for-more-og-romsdal-fik/leroy-lekene-mandalen/

og på Facebook: https://www.facebook.com/lekenemidtognordnorge/

Resultata ligg på: http://webres1.andro.no/ungdomelekene/2019/mondalen/

Kalender

Januar
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket