Stor friidrettsaktivitet i september

Vi startar no innspurten på ein flott friidrettssesong for Ørsta IL friidrett. Det er mykje aktivitet i september.

Treningane pågår som normalt i heile september.

(Trykk "Les mer" knappen.)

2019-09-01
olve.oyehaug

Denne helga, 31. aug - 1. sept) er ungdomar i alderen 13-14 år samla på Lerøy-leikane i Måndalen. Det er ein kretskamp mellom 7 fylke. Ørsta har fem utøvarar som kvalifserte seg til kretslaget på 40 utøvarar. Så langt har alle fem teke medaljar.

Neste helg, 6.-8. september) er det UM på Jessheim (Ungdomsmeisterskap - NM i friidrett for ungdom i alderen 15-19 år). Vi stiller med seks utøvarar. Fleire av desse er medaljekandidatar.

Panoramaleikane på Ikornnes laurdag 7. september: Vi håper mange frå Ørsta stiller på dette stemnet. Meld på via minidrett.no seinast 4. september.

Rekrutteringscup nr 6: Tysdag 10. september kl 18.00 - påmelding ved frammøte kl 17.15-17.45 - Ørsta stadion. 

Tysdag 24. september er det premieutdeling for Rekrutteringscup 2019 på Ørsta stadion. Dette er for alle aldersgrupper. Dette er og markering av sesongavslutting for dei som er 2011-modellar og yngre.

Torsdag 26. september kl 18 inviterer vi til det veldig populære og uformelle "Omvendt 5-kamp" på Ørsta stadion for dei som er 9 år og eldre. 9-åringane (2010-modellane) er spesielt inviterte.

oktober har vi pause i fellestreningane. Då oppmodar vi om eigentrening.

november startar vi vintertreningane for 9-åringar (2010-modellar) og eldre. Mykje av treninga vil vere inne i Ørstahallen. Info om treningsplan kjem seinare.

Sjå info om meir aktivitet i kretsen: https://www.friidrett.no/k/more-og-romsdal/

Kalender

Januar
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket