Ørsta IL friidrett med fem utøvarar på kretslaget på Lerøy-leikane

Ørsta IL friidrett har fem utøvarar som er kvalifiserte til å vere med på Møre og Romsdal friidrett sitt lag på Lerøy-leikane i helga 31. august til 1. september i Måndalen. Møre og Romsdal stiller med eit lag på 40 utøvarar.

2019-08-30
olve.oyehaug

Elise Aarflot, Jenny Hermine Bjørneset, Maria Mjelva Straume, Thea Nilsen og Arnstein Nikolai Ose er dei fem utøvarane som kvalifiserte seg frå Ørsta IL friidrett.

Lerøy-leikane samlar 7-800 jenter og gutar i alderen 13-14 år til ei morosam og sosial helg med friidrett, tre stader i landet. Dette er ein lagkamp der friidrettskretsane konkurrerer om å få flest poeng. Vinnarkretsen får napp i ein vandrepokal. Etter tre napp får ein pokalen til odel og eige. 

Meir info på nettsida til kretsen:https://www.friidrett.no/k/more-og-romsdal/arrangement/kalender-for-more-og-romsdal-fik/leroy-lekene-mandalen/

og på Facebook: https://www.facebook.com/lekenemidtognordnorge/

Kalender

Januar
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket