Elias vart norgesmeister - Andrine tok sølv i spyd

Elias Hovden Nilsen vart norgesmeister i klassen U20 Menn Spyd på junior NM i friidrett i Sigdal i helga. Andrine Hjellen Haugland tok sølv i klassen U23 Kvinner Spyd.

2019-08-25
olve.oyehaug

Elias vann med bestekast på 62,72 meter. Han hadde ein god serie med fire av seks kast på over 60 meter. Andrine kasta spydet 43,80 meter. Både Elias og Andrine vart rekna som sterke medaljekandidatar før start. Begge imponerte med å overgå både mål og forventningar då dei tok gull og sølv.

Anna Hjellen Haugland tok 9. plass i klassen U20 Kvinner Slegge med kast på 37,86 m. Sigrid Vartdal sprang 200 m på 27,98 sek i klassen U20 Kvinner 200 m.

Trenaren som står bak dei store spydprestasjonane er Svein Egil Johannessen. Han har arbeidd målretta med desse ungdomane i rundt fem år. I tillegg til å trene Elias og Andrine er han trenar til Iver Saunes Moldskred (Dimna IL) som tok sølv i spyd U20 Menn og Svenning Veiseth (Hareid IL) som tok 9. plassen i same klasse.

Det er lenge sidan Ørsta IL friidrett har hatt med så mange som fire utøvarar på Junior NM. Dette skaper motivasjon for vidare satsing både for dei fire og for resten av klubben.

Junior NM i friidrett vart arrangert i Sigdal 23.-25. august. Meisterskapet er for aldersgruppa 15-22 år.

Meir informasjon om Junior NM finn ein på: www.nmsigdal.no

Jr%20NM%202019%20Elias%20gull-600.jpg

Elias Hovden Nilsen vart norgesmeister i klassen U20 Menn Spyd på junior NM i friidrett.

Jr%20NM%202019%20Andrine-600.jpg

Andrine Hjellen Haugland tok sølv i klassen U23 Kvinner Spyd.

Jr%20NM%202019%20gruppe-600.jpg

Ørsta IL friidrett på junior NM i Sigdal, f.v.: Sigrid Vartdal, Andrine Hjellen Haugland, Elias Hovden Nilsen og Anna Hjellen Haugland.

Jr%20NM%202019%20Sigrid-600.jpg

Sigrid Vartdal sprang 200 m på 27,98 sek i klassen U20 Kvinner 200 m.

Jr%20NM%202019%20Anna-600.jpg

Anna Hjellen Haugland tok 9. plass i klassen U20 kvinner Slegge med kast på 37,86 m. 

 

Kalender

Januar
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket