25 medaljar til Ørsta IL på KM

Ørsta IL friidrett tok 16 gull, 5 sølv og 4 bronse på KM på Molde idrettspark. Ørsta stilte med ni utøvarar i alderen 11-16 år. 

2019-08-18
olve.oyehaug

Johannes Eiksund (G16) er i gryande UM-form etter å ha sprunge 100 m på gode 11,91 og 964 Tyrvingpoeng. 11,91 er kun 3/100 bak personleg rekord (PR).

Arnstein Nikolai Ose sette ny klubbrekord G14 på 1000 m kappgang 8,38,21. Han tok tok heim gullet i slegge 4 kg.

Thea Nilsen kasta 0,75 kg diskosen 24,89 m og vann. Ny PR med godt og vel 4 m og ny klubbrekord J14. Thea vann spyd 400 gr med eit kast på 31,65 m.

Oskar Mjelva Straume (G12) ser snart 29-talet på 200 m. Søndag sprang han 200 m på 30,06 som er ny solid PR (før 32,34). Ny PR vart det også i høgde med resultatet 1,30 m (før 1,27).

I J13 suste Elise Aarflot gjennom 200 m på gode 28,92 som er ny flott PR (før 29,46) og 904 Tyrvingpoeng. Filip Hoggen (G15) tok gull i lengde med 5,18 m. Johannes Vadstein (G14) sprang inn til bronse på 600 m med 1,57,92.

Jenny Bjørneset (J13) vart kretsmeister på 1500 m med ny kjempepers 5,42,28 (før 6,07,52). Maria Mjelva Straume (J14) held godt nivå på 1500 m. Ho sprang på 5,18,45, under eitt sekund bak personleg rekord.

Det var og mange andre flotte resultat. Resultatliste finn ein på: https://www.friidrett.no/k/more-og-romsdal/nyheter/km-pa-molde-idrettspark/

KM%202019%20Thea%20600.jpeg

Thea Nilsen (J14) tok gull i både diskos og spyd.

KM%202019%20Oskar%20600.jpeg

Oskar Mjelva Straume (G12) spring inn til gull på 200 m.

KM%202019%20Elise%20600.jpeg

Elise Aarflot (J13) tok gull og ny pers på 200 m.

Kalender

Oktober
MTOTFLS
30123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031123

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket