6. plass til Elias og 8. plass til Andrine på NM

Elias Hovden Nilsen og Andrine Hjellen Haugland deltok i NM i friidrett på Hamar i helga, og imponerte med gode resultat og plasseringar. Elias debuterte i NM med 6. plass i spyd med 59,65 m. Andrine tok 8. plassen i spyd med 44,95 m.

2019-08-04
olve.oyehaug

Målet for begge, i samråd med kasttrenar Svein Egil Johannessen var å oppnå topp 8-plassering i spyd for både kvinner senior og menn senior på NM. Begge oppnådde det ambisiøse målet. Det ligg store mengder målretta trening og planlegging bak desse resultata for trioen Andrine, Elias og Svein Egil.

Norsk friidrett er i medvind. Nivået og breidda i toppen er no vel så stor som på 90-talet, og det kjem stadig fleire utøvarar som hevdar seg på toppnivå. 

NM i friidrett vart arrangert på Hamar 2.-4. august. Arrangørar var friidrettsklubben Orion og Hamar IL friidrett.

Meir info og resultat frå NM friidrett finn ein på: www.nmfriidretthamar2019.no

NM%202019%20Elias.jpeg

Elias Hovden Nilsen tok 6. plass i spyd med 59,65 m på NM i friidrett på Hamar. Dette er det nest lengste konkurransekastet til Elias.

NM%202019%20Andrine.jpeg

Andrine Hjellen Haugland tok 8. plass i spyd med 44,95 m på NM i friidrett på Hamar.

 

Kalender

Oktober
MTOTFLS
30123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031123

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket