Elias tok sølv på Världsungdomspelen i Gøteborg

Elias Hovden Nilsen hevda seg på internasjonalt nivå i helga da han tok sølv i spyd i klassen G19 på Världsungdomspelen på Nya Ullevi i Gøteborg. Elias kasta heile 61,24 meter! Dette er ny personleg rekord (før 58,09 m) og ny klubbrekord.

2019-06-30
olve.oyehaug

VU%20spelen%20Elias%20600.jpg

Elias Hovden Nilsen hevda seg på internasjonalt nivå i helga med solv i spyd på Världsungdomspelen på Nya Ullevi i Gøteborg. Elias kasta heile 61,24 meter!

Kastet gav 1022 Tyrvingpoeng. Akkurat no er 61,24 m Norges sjuande lengste spydkast i år for menn senior.

Andrine Hjellen Haugland vart nummer fire i spyd med 44,97 meter i kvinner senior under svært så vanskelege vindforhold.

Sleggetalentet Anna Hjellen Haugland (J17) var noko uheldig i slegge og fekk berre ugyldige kast.

Amalie Tomasgard (J17) sprang 800 m og 1500 m. Ho viste lovande takter etter ei lang sjukdomsperiode.

VU-spelen er med sine ca 3500 deltakarar det største friidrettsstemna i Europa for utøvarar i alderen 12 år til senior. Her deltek mange av dei komande friidrettsstjernene frå heile Europa.

  

VU%20spelen%20Amalie%20600.jpg

Amalie Tomasgard (J17) sprang 800 m og 1500 m. Ho viste lovande takter etter ei lang sjukdomsperiode.

Kalender

Oktober
MTOTFLS
30123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031123

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket