Nahom tok gull på Tyrvingleikane

Nahom Kibreab (G18/19) tok gull på 800 meter på Tyrvingleikane med tida 2,03,89 og ny personleg rekord. Han tok 8. plass på 400 meter med 52,92 sek og ny personleg rekord. Med 400 metersresultatet kvalifiserte han seg til UM (NM i friidrett for ungdom). 

2019-06-16
olve.oyehaug

Nahom fekk 923 Tyrvingpoeng for resultatet på 400 m. Han er no klubbens 6. raskaste mann på 400 m.

Amalie Tomasgard (J17) tok ein god 4. plass på 800 meter med tida 2,33,89, berre 8/10 frå bronse.

Johannes Eiksund (G16) spring raskare og raskare. Søndag morgon sprang han 100 meter på 11,88 sek (før 11,94). Dette er ny personleg rekord og 969 Tyrvingpoeng. 11,88 sek er klubbens 5. raskaste tid på 100 m for menn gjennom alle tider. Laurdag sprang han 200 meter og sette ein ny flott personleg rekord på 24,27 sek (før 24,40) og 934 Tyrvingpoeng.

Tyrvingleikane er det største friidrettsstemnet i landet, med over 1700 utøvarar. Stemnet har vore arrangert av Idrettslaget Tyrving sidan 1950. Stemnet vert arrangert på Nadderud stadion i Bærum.

No gjer Ørsta IL friidrett seg klare til Veidekkeleikane på Lillehammer komande helg. Der stiller 13 utøvarar frå klubben til start.

Tyrving%202019%20Amalie%20og%20Nahom%20600.jpg
Nahom Kibreab tok gull på 800 m og 8. plass på 400 på Tyrvingleikane. Amalie Tomasgard tok 4. plass på 800 m.

 

Tyrving%202019%20Johannes%20601.jpg
Johannes Eiksund sette personleg rekord både på 100 m og 200 m på Tyrvingleikane. Han er no klubbens 5. raskaste mann på 100 m gjennom alle tider.

Kalender

Oktober
MTOTFLS
30123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031123

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket