120 på Friidrettens dag

120 barn og unge frå Ørsta IL friidrett deltok på Friidrettens dag på Ørsta stadion 4. juni. På Friidrettens dag får dei yngste utdelt eit startnummer der funksjonærane skriv resultata rett på startnummeret. Barna går mellom 8-10 stasjonar i ein time.

2019-06-04
olve.oyehaug

Friidrettens dag er eit uhøgtidleg stemne der idrettsglede står i høgsetet. Dette bruker å vere eit av dei mest populære stemna blant utøvarane i alderen 10 år og yngre. Den gode deltakinga gjenspeglar dette. Det er ikkje mange friidrettsklubbar i Norge som klarer å samle 120 eigne utøvarar på banestemne.

For dei som var 10 år og eldre var det 80 m, 400 m, 800 m, tresteg og spyd. Høgste poengsum hadde unge lovande Julie Hovden Ryste (J11) med 8,27 meter og 947 Tyrvingpoeng i tresteg. Det var fleire resultat over 900 poeng.

Trykk her for resultatliste

 

Cup4-19-Startnr%20601.jpg
På Friidrettens dag får alle utlevert startnummer, og resultata vert skrivne rett på startnummeret.

Cup4-19%20Gruppe-600.jpg
Det var god deltaking på stemnet med 120 eigne utøvarar.

 

Cup%204-19%20tresteg-601.jpg
For dei som var 10 år og eldre var det tresteg, spyd og løp.

 

Kalender

September
MTOTFLS
2627282930311
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30123456

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket