Elias best i landet

Elias Hovden Nilsen (G18/19) kasta spydet 58,09 m på Framoleikane i Bergen. Det gav solide 981 Tyrvingpoeng, gullmedalje, ny personleg rekord og klubbrekord menn senior/junior og G18. Elias er no øvst på landsstatistikken i si aldersklasse.

2019-06-02
olve.oyehaug

Elias kvalifiserte seg og til NM senior med dette resultatet. 

Andrine Hjellen Haugland kasta spydet til gull i klassen kvinner senior med gode 47,81 m. Dette er det tredje lengste konkurransekastet hennar til no i karrieren.

Med Elias og Andrine har Ørsta IL to spydkastarar som er kvalifiserte til NM på seniornivå. Det er ikkje mange klubbar i Norge som matcher dette.

Anna Hjellen Haugland (J17) fekk 1040 Tyrvingpoeng og sølv for kastet på 47,40 m med 3 kg slegga. Dette er både ny pers og ny klubbrekord J17.

Thea Nilsen (J14) har i den siste tida kasta fleire treningskast med 400 gr spydet rundt og over 30 m. Under søndagens konkurranse passerte ho 30 meterstreken med god margin og sette ein solid ny pers på 30,92 m.

Johannes Eiksund (G16) sprang 60 m til ny utandørs pers på 7,70 og tok bronse. Han sprang 100 m på 11,94 og tangerte pers. Dette gav 959 Tyrvingpoeng for andre gong. 200 m sprang han på 24,40 sek og ny pers. Johannes er no blant dei raskaste i klubbens historie i sprint, og han har til no i 2019 oppnådd 14 resultat over 900 Tyrvingpoeng.

Sigrid Vartdal (J18/19) har kome seg godt i gang med sesongen. Ho hadde to gode i løp i helga. Laurdagen sprang ho 200 m til ny flott sesongbeste 27,48. Søndagen kom 13,68 på 100 m og sesongbeste.

Dei to yngste frå Ørsta IL som deltok på stemnet var Agnes Hjellen Haugland og Ragne Øyehaug i klassen J9. Dei var begge godt nøgde med innsats og resultat på 60 m, lengde og liten ball.

Arrangør av Framoleikane var idrettslaget Norna-Salhus. Stemnet vart arrangert for 26. gong på Fana Stadion i Bergen. Framoleikane har gjennom mange år vore Vestlandets største friidrettsstemne for barn og unge, med innlagte seniorøvingar. Dette er eit stemne som samlar det meste av Vestlandet, og i tillegg nokre tilreisande fra andre landsdelar.

Framo%2019%20Elias-600.jpg
Elias Hovden Nilsen (G18/19) kasta spydet 58,09 m på Framoleikane i Bergen. Det gav solide 981 Tyrvingpoeng, NM-kvalifiksering, gullmedalje, pers og klubbrekord.

 

Framo%2019%20Andrine-600.JPG
Andrine Hjellen Haugland kasta spydet til gull i klassen kvinner senior med gode 47,81 m. 

Framo%2019%20Sigrid.jpeg
Sigrid Vartdal (J18/19) sprang til sesongbeste på både 100 m og 200 m.

 

Framo%2019%20Thea.jpeg
Thea Nilsen (J14) sette ein solid ny pers på 30,92 m i spyd.

 

Framo%2019%20Anna-600.JPG
Anna Hjellen Haugland (J17) fekk 1040 Tyrvingpoeng og sølv for kastet på 47,40 m med 3 kg slegga. 

Johannes%202019.jpg
Johannes Eiksund er no blant dei raskaste i klubbens historie i sprint, og han har til no i 2019 oppnådd 14 resultat over 900 Tyrvingpoeng.

Framo%2019%20Ragne%20og%20Agnes-600.jpg
Dei to yngste frå Ørsta IL som deltok på stemnet var Ragne Øyehaug og Agnes Hjellen Haugland i klassen J9.

Kalender

Juli
MTOTFLS
293012345
6789101112
13141516171819
20212223242526
272829303112

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket