Rekrutteringscup nr 4 – tysdag 4. juni – Friidrettens dag for 4-10 år - vanleg cup for 11 år og eldre

Stad: Ørsta stadion
Dato: Tysdag 4. juni
Påmelding kl 17.15-17.45
4-10 år: Stemne kl 18-19. Friidrettens dag.
11 år og eldre: Stemne kl 19 og utover. Sjå øvingar under.
Pris: Kr 50,- pr utøvar. Betalast ved frammøte.

2019-05-27
olve.oyehaug

Friidrettens dag er eit av dei mest morosame stemna for dei yngre utøvarane. Då går deltakarane fritt frå stasjon til stasjon i ein time. Dei får utlevert startnummer ved påmelding. Øvingsleiarane på kvar stasjon skriv resultatet rett på startnummeret. Dette bruker å vere veldig popullært.

Øvingar:
4-10 år: Friidrettens dag: Sprint, langt løp, hekk, lengde, høgde, kule, liten ball, slengball, stigeløp
11–12 år: 80m, spyd og tresteg (dei som er 10 år kan og vere med på dette om dei vil)
13 år og eldre: 80 - 400 – 800 m, spyd og tresteg

Dei som er 10 år kan velje om dei vil delta på friidrettens dag eller "ekte" stemne.

Kalender

Juli
MTOTFLS
293012345
6789101112
13141516171819
20212223242526
272829303112

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket