12 medaljar på Sparebanken Møre Akslaleikane

Maria Mjelva Straume (J14) var den som imponerte mest frå Ørsta IL friidrett. Ho sprang i mål på 1500 m til tida 5,17,51 og gullmedalje - ny og imponerande personleg rekord (før 5,59,32)! Dette er klubbens 8. beste tid på 1500 m kvinner gjennom alle tider

2019-05-26
olve.oyehaug

Ørsta IL tok med seg heim 12 medaljar på Sparebanken Møre Akslaleikane i Ålesund. 

Johannes Eiksund (G16) sprang seg inn som klubbens 6. beste mann på 200 m utandørs gjennom alle tider med ny pers 24,46 (før 25,46) og fekk 918 Tyrvingpoeng.

Elias Hovden Nilsen (G18/19) fekk 911 Tyrvingpoeng for sitt 54,56 m i spyd 800 gr.

Jenny Hermine Bjørneset (J13) sprang godt på sin første 1500 m på 6,07,52. Ho sette pers i fleire øvingar i dag.

Elise Aarflot (J13) vann i alle øvingane ho deltok i, 200 m, lengde og 60 m hekk. 200 m gjekk unna på 29,36 sek.

Thea Nilsen (J14) hoppa 4,10 i lengde. Ho fekk og gode resultat i spyd og slegge.

Andrine Hjellen Haugland (KS) kasta 600 gr spydet 44,96 m. Christina Wilke (KS) kasta spydet 31,91 m og hoppe 1,50 i høgde.

Rekruttane Agnes Hjellen Haugland og Ragne Øyehaug (J9) viste at klubben har gode talent også i dey yngste årsklassane.

Det var fleire resultat som bidrog til lagserien i 3. divisjon: Elise (29,46 på 200 m) - Maria (5,17,51 på 1500 m) og Christina (1,50 m i høgde) skaffa klubben mange nye poeng i Lagserien 3. div. kvinner. Johannes (24,46 på 200 m) gav nye poeng til klubben sitt herrelag i 3. div.

Resultata kan du sjå på Ålesund FIK si nettside, trykk her.

2019%20Maria%20Straume%20600.jpg
Maria Mjelva Straume (J14) var den som imponerte mest frå Ørsta IL friidrett. Ho sprang i mål på 1500 m til tida 5,17,51 og gullmedalje - ny og imponerande personleg rekord (før 5,59,32)! 

Aksla%202019%20Johannes%20600.jpg
Johannes Eiksund (G16) sprang seg inn som klubbens 6. beste mann på 200 m utandørs gjennom alle tider med ny pers 24,46 (før 25,46) og fekk 918 Tyrvingpoeng.

Aksla%202019%20Elias%20600.JPG
Elias Hovden Nilsen (G18/19) fekk 911 Tyrvingpoeng for sitt 54,56 m i spyd 800 gr.

  

Aksla%202019%20Agnes%20og%20Ragne%20600.jpg
Rekruttane Ragne Øyehaug og Agnes Hjellen Haugland i klassen J9 gjer seg klare til å kaste liten ball.

Kalender

Oktober
MTOTFLS
30123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031123

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket