90 på gateløp i Vikegata

Heile 90 utøvarar deltok på gateløpet som Ørsta IL friidrett arrangerte tysdag 23. april i Vikegata. I dette løpet fekk også dei aller yngste vere med. I strålande solskin og god varme var det stor deltaking og svært god stemning på stemnet.

2019-04-23
olve.oyehaug

Gatel%F8p%20gruppe%202019-600.jpg
90 deltakarar gjer seg klare til gateløp.

Friidrettsgruppa er imponerte over den gode deltakinga på gateløpet i Vikegata. Løpet har i mange år vore arrangert i Ripateigane, men vart som i fjor flytta til Vikegata etter invitasjon frå nemnda som arbeider med å auke aktiviteten i Vikegata.

Det har vore stor auke i deltakinga på gateløpet. Det er ikkje lenge sidan ein rekna 30 deltakarar som godt frammøte på gateløpet. Dei fem siste åra har det vore rundt 90-125 deltakarar.

Det var stor deltaking i dei yngste klassane, med 26 deltakarar i alderen 6 år og yngre. Dei sprang ei løype på rundt 150 meter, mange med eit stort smil om munnen gjennom heile løpet. Innsatsen var stor og alle som starta kom i mål.

Aldersgruppa 7-9 år sprang rundt 270 meter. Mange opna svært hardt ut frå start og kom godt slitne i mål.

10-12 årsgruppa sprang rundt 430 meter. Blant gutane vart det ein imponerande langspurt av duoen Oskar Mjelva Straume og Noah Digernes Merheb der Oskar kom først i mål med løyperekord for G12 på 1 min 15 sek.

Gruppa på 13 år og eldre sprang rundt 1050 meter. Ei av dei som kanskje imponerte mest var Maria Mjelva Straume (J13) med tida 3 min 34 sek og god forbetring frå rekorden ho sette i fjor. Raskast av alle på løpet var Nahom Kibreab (G18/19) som sette løyperekord med 3 min og 9 sek.

No gjer friidrettsgruppa seg klare til dei komande stemna i Ørsta; Ørstastafetten 28. april, TINEstafetten 7. mai og SpareBank 1-leikane 19. mai.

Gatel%F8p%202019%20G9-600.JPG
Gutar 9 år gir full gass frå start.

Gatel%F8p%202019%20Nora.JPG
Nora Madison Lundqvist kom heilt frå New York og sprang gateløp.

Trykk her for førebels resultatliste

Kalender

Oktober
MTOTFLS
30123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031123

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket