Andrine fekk innsatspokal på årsmøtet til Ørsta IL

Andrine Hjellen Haugland fekk innsatspokal på årsmøtet til Ørsta IL. Innsatspokalen vart tildelt Andrine for ekstraordinær innsats som utøvar.

2019-04-03
olve.oyehaug

Andrine%20innsatspokal%202019-600.jpg

Under er nominasjonsteksten:

Nominasjon til innsatspokal til aktiv utøvar - Andrine Hjellen Haugland, friidrett, spyd

Spydtalentet Andrine Hjellen Haugland vart oppdaga som 14-åring på Ørsta stadion sommaren 2013. Aret etter kasta ho lengst i Norge i klassen J15.

Sidan 2014 har ho tilhøyrt Norgestoppen i sine aldersklasser og har to sølvmedaljar frå UM 2016 og 2018. Gjennombrotet på den store nasjonale scene kom i 2017 då ho som 18-åring vart nr 7 i Norgesmeisterskapen for kvinner senior. I 2018 kasta ho lengst i Norge J18/19. Då vart det landslagsplass og tur til Danmark og Nordisk meisterskap U20 kor ho vart nr 5.

Andrine er ei av dei unge kvinnelege spydkastarane som følgast med spenning av friidrettsforbundet. Denne vinteren har ho vore invitert til og delteke på samling med Rekrutteringslandslaget i kast. Ørsta IL friidrett må mange år attende for å finne sist klubben hadde ein landslagsutøvar/kandidat.

Andrine har banerekorden kvinner senior på Ørsta stadion, klubbrekorden kvinner junior og senior og kretsrekorden kvinner junior og senior.

Resultata har ikkje kome flytande på ei fjøl. Dei er resultat av hardt og godt arbeid kombinert med sterk vilje og stor lyst til å bli veldig god. Systematisk har ho år for år teke dei stega som er naudsynte for å henge med i Norgestoppen. Det langsiktige utviklingsmålet er å kunne bli spydkastar på den internasjonale arena. Dit er det stykke fram. Å setje seg mål på kort og lang sikt er viktig. Då er det avgjerande at ein nyttar kvar dag i treningsarbeidet til klare målsettingane i år – om fem år. Det gjer Andrine! Å bli ein veldig god spydkastar er ingen «quick fix». Det er berre hardt og systematisk arbeid over tid som duger.

Andrine har ikkje berre sett sitt eige namn på det store spydkartet ho har også sett Ørsta IL og Møre og Romsdal friidrettskrets/TEAM MØRE-spyd på det same kartet.

Andrine er og eit førebilete for dei andre utøvarane i klubben. I tillegg til å oppnå svært gode resultat har ho eit smittande godt humør, og ho er omsorgsfull, positiv, hjelpsam og ein miljøskapar.

Ørsta IL har ein utøvar ein kan vere rett så kry over å ha i klubben!

Kalender

August
MTOTFLS
2930311234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627282930311

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket