Elise tok 3. plass på Bamseleikane

Elise Aarflot (J13) frå Ørsta IL friidrett imponerte stort då ho tok 3. plass i lengde med 4,43 m på Bamseleikane i Stange.

2019-03-24
olve.oyehaug

Elise sprang ein svært god 60 meter og tok 4. plass der med tida 8,68 sek. Ho sprang og ein rask 200 m på 29,23 sek og tok 6. plass der.

Ørsta IL friidrett stilte med sju utøvarar på stemnet. Andreas Vinsrygg Vadstein (G11) imponerte på 60 m med tida 9,66 og tok 10. plass. Johannes Vinsrygg Vadstein (G14) sprang 600 m på 2,00,43 og tok 13. plass. Jenny Hermine Bjørneset (J13) sprang inn til 12. plass på 600 m med tida 2,03,11. Dei deltok og i fleire andre øvingar. Dei yngste deltakarane som deltok frå Ørsta IL var Martine og Julie Bjørneset og Simon Vinsrygg Vadstein. Dei deltok i 10-årsklassen.

Dei tradisjonsrike Bamseleikane i Stangehallen i Stange er eit av dei største innandørs friidrettsstemna i landet. I mange av årsklassane er det over 50 deltakarar. Stemnet vart arrangert 22.-24. mars av Hedmark Friidrettskrets. Premiane på Bamseleikane er bamsar.

Resultatlister: http://webres1.andro.no/bamse/2019/

Bamseleikane%202019%20Elise%20600.jpg
Elise Aarflot (J13) frå Ørsta IL friidrett imponerte stort då ho tok 3. plass i lengde med 4,43 m på Bamseleikane i Stange.

 

Bamseleikane%202019%20-%20Julie%20600.jpg
Julie Kornelia Bjørneset vart trekt ut som heldig vinnar av stor bamse i klassen J10. I dei yngste årsklassane vert det i kvar øving trekt ut ein heldig vinnar av stor bamse.

 

Bamseleikane%202019%20gruppe%20600.jpg
Ørsta IL sin gjeng samla framfor premiane. F.v.: Martine Amelia Bjørneset, Jenny Hermine Bjørneset, Elise Aarflot, Julie Kornelia Bjørneset, Andreas Vinsrygg Vadstein, Johannes Vinsrygg Vadstein og Simon Olai Vinsrygg Vadstein.

Kalender

August
MTOTFLS
2930311234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627282930311

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket