Johannes og Arnstein tok gull, sølv og bronse på Lakseleikane

Arnstein Nikolai Ose (G14) tok gull i kule 4 kg med 9,14 m og ny pers på innandørsstemnet Lakseleikane i Florø. Arnstein tok bronse i lengdehopp. Johannes Eiksund er i storform og sprang til sølv på 100 m med 11,94 sek og 959 Tyrvingpoeng og ny pers.

2019-03-16
olve.oyehaug

Johannes tok og sølv på 60 m med 7,57 sek og 954 Tyrvingpoeng, rett bak Norges raskaste 16-åring Knut Werge-Olsen. Johannes er no blant dei seks raskaste sprinterane i landet i klassen G16.
Ramona Magdalena Ose (J10) gjorde ein flott innsats i kule og på lengde. I 10-årsklassen er det ikkje rangerte resultat.

Lakseleikane vart arrangert av Florø Turn og Idrettsforening i Florø Idrettssenter laurdag 16. mars. Det var god deltaking frå fleire fylke.

Meir info om stemnet finn ein på: https://www.ftif.no/lakseleikane/

2019%20Flor%F8%20-%20Lakseleikane%20alle%203.jpg
Ørsta IL friidrett stilte med tre utøvarar på Lakseleikane i Florø: F. v. Arnstein Nikolai Ose, Ramona Magdalena Ose og Johannes Eiksund.

2019%20Flor%F8%20-%20Johannes%20og%20Knut.jpg

F.v.: Johannes Eiksund og Knut Werge-Olsen (Jotun IL) imponerte på både 60 m og 100 m i klassen G16. Knut er no landets raskaste sprinter G16 og Johannes er den 6. raskaste i landet same aldersklasse.

2019%20Flor%F8%20-%20Arnstein%20og%20Kristoffer.jpg
Arnstein Nikolai Ose (G14) tok gull i kule med 9,14 m og ny pers. Kristoffer Sandal frå Jølster tok 2. plass.

 

2019%20Flor%F8%20-%20Ramona%20kule%20600.jpg
Ramona Magdalena Ose (J10) gjorde ein flott innsats i kule og lengde.

Kalender

August
MTOTFLS
2930311234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627282930311

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket