Andrine på landslagssamling

Andrine Hjellen Haugland er invitert til å delta på samling med Norges Friidrettsforbund sitt rekrutteringslandslag i kast 15.-17. februar på Toppidrettsenteret i Oslo.

2019-02-14
olve.oyehaug

På programmet står testing, kasting og anna trening/aktivitetar. Lagbygging er og ein del av opplegget.

Andrine har sidan 2014 tilhøyrt norgestoppen i sine aldersklasser. Ho har to sølvmedaljar frå UM (NM for ungdom) 2016 og 2018. Gjennombrotet på den store nasjonale scene kom i 2017 då ho som 18-åring vart nr. 7 i Norgesmeisterskapen for kvinner senior. I 2018 kasta ho lengst i Norge i klassen J18/19. Då vart det landslagsplass og tur til Danmark og Nordisk meisterskap U20 der ho vart nr. 5.

JR%20NM%202018%20Andrine-600.jpg

Kalender

August
MTOTFLS
2930311234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627282930311

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket