Stor stemning og godt frammøte på 900-poengsfesten

45 store og litt store samla seg på den årlege 900-poengsfesten på klubbhuset for å ete pizza, vere med på quiz, sjå på bilete og få årshefte. Det var premieutdeling for godt frammøte og utdeling av 900-poengfat.

2019-02-13
olve.oyehaug

Åtte utøvarar som fekk så gode resultat i 2018 at dei oppnådde over 900 poeng på Tyrving-tabellen. Når ein oppnår 900 eller fleire poeng er ein i toppen på krinsnivå. Er ein over 1000 poeng så er ein i landstoppen. Får ein over 1100 poeng så er ein på internasjonalt nivå. Høgste poengsum hadde Anna Hjellen Haugland med 1065 poeng for sleggekastet på 46,46 meter. Dette var med 3 kg slegge på Loggane/Gloppen 27. mai.

Godt frammøte på treningane skaper miljø. Dei tre med mest frammøte i kvar av aldersgruppene 10-12 år og 13 år og eldre fekk premie for frammøte. I 10-12 årsklassen var det Noah Digernes Merheb som hadde mest frammøte med 42 treningar. I klassen 13 år og eldre var det Åse Øyehaug som hadde mest frammøte med 75 treningar.

2019%20900p%20fatvinnarane-600.jpg

900-poengfat-vinnarane: Bak f.v.: Johannes Eiksund, Elias Hovden Nilsen og Sigrid Vartdal. Framme f.v.: Andrine, Hjellen Haugland, Elise Aarflot, Rasmus Nymark og Oskar Mjelva Straume. Anna Hjellen Haugland var ikkje tilstades då biletet vart teke,

2019%20900p%20framm%F8tevinnarane-600.jpg

Vinnarane av størst frammøte på treningane, f.v: Arnstein Nikolai Ose, Filip Hoggen, Elise Aarflot og Åse Øyehaug,
Noah Digernes Merheb og Mari Øyehaug var ikkje tilstades då biletet vart teke.

2019%20900p%20gruppe-600.jpg

Det var god stemning på 900-poengsfesten med rundt 45 frammøtte.

Kalender

August
MTOTFLS
2930311234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627282930311

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket