Nyheter

På Seriestemne på Høddvoll stilte Ørsta IL friidrett utøvarar til start.
Johannes Eiksund (G17) sesongåpnå i forrykande fart på sprinten. Framgangen er formidabel!
60 m gjekk unna på godt raske 7,43. Ny PR (før 7,70) og 964 Tyrvingpoeng. Med sine 7,43 er Johannes klubbens raskaste mann på 60 m utandørs (elektronisk tid) gjennom alle tider.
Så sprang han i mål på 100 m på særs gode 11,53 for så å oppdage at vinden i ryggen var 2,1. Synd det. Tida 11,53 seier oss at Johannes kjem til å springe fort - veldig fort utover i sesongen.
Elise Aarflot (J14) sprang 60 m på 8,88 og 200 m på 30,89.
Jenny Hermine Bjørneset (J14) sprang 600 m på 1,53,48 som er mindre enn 2 sek bak PR på distansen.

31.05.2020
- olve.oyehaug

Ørsta IL friidrett arrangerer treningsstemne løp torsdag 4. juni kl 18 på Ørsta stadion.

Førebels tidsskjema: Tidsskjema treningsstemne løp 4. juni 2020 1.pdf

Startlister: Startliste treningsstemne løp 4. juni 2020.pdf

 

Førebels tidsskjema-oversikt:

Ca kl 18:00: 100 m (dei yngste startar først)

Ca kl 18:35: 200 m (dei yngste startar først)

Ca kl 19:10: 400 m

Ca kl 19:15: 800 m

 

Viktige punkt:

* PÅMELDING SEINAST 3. JUNIminidrett.no

* Aldersgrupper: 10 år og eldre

* Maks tal på deltakarar og publikum til saman er 50 stk. Vi kan derfor ikkje garantere plass til alle utøvarar som ønskjer å delta.

* Ønskje om å vere publikum? PUBLIKUM MÅ OGSÅ SENDE PÅMELDING  (seinast 3. juni) på epost til orstail.friidrett@gmail.com Det er ikkje sikkert at det vert høve til å vere der for alle publikummar p.g.a. tak på 50 stk. Sjå derfor svar på epost etter 3. juni om publikumpåmelding.

* Vi opnar ikkje opp for etterpåmelding på arrangenmentsdagen.

* Alle som møter må vere friske og må følgje gjeldande smittevernsreglar.

Stemnet vert gjennomført etter gjeldande smittevernsreglar i samband med covid 19-pandemien. Alle som deltek (og føresette) må ha sett seg inn gjeldande smittevernsreglar: https://www.friidrett.no/contentassets/723a174bc50d4bee98c52e5d5ed6540e/gjeldende-retningslinjer-etter-27.5.pdf før dei melder seg på stemnet.

Øvingar:

* 100 m (10 år og eldre)

* 200 m (10 år og eldre)

* 400 m (14 år og eldre)

* 800 m (14 år og eldre)

Oppmøte seinast kl 17.30 for både utøvarar og evt publikum.

Funksjonærar møter kl 17.

Deltaking er gratis.

30.05.2020
- olve.oyehaug

Ørsta IL friidrett inviterer til treningsstemne spyd på Ørsta stadion torsdag 28. mai kl 19.00.

Siste frist for påmelding vert onsdag 27. mai kl 23:59. Påmelding på MinIdrett (minidrett.no). 
Det vert ikkje opna for etterpåmelding på stemnedagen. Dette for at arrangør skal ha kontroll på smittevern.  

Stemnet vert gjennomført i tråd med gjeldande smittevernreglar og tilrådingar, og gjeldande retningslinjer frå NFIF for arrangering av stemne.

Alle som deltek må vere friske og må kjenne til gjeldande smittevernsreglar. Alle utøvarar og/eller føresette skal ha sett seg inn i reglane: https://www.friidrett.no/nyheter/nfif-sine-retningslinjer-for-konkurranser/

Tal på deltakarar er avgrensa til maks 10 stk for å ha kapasiet til å gjennomføre stemnet i tråd med gjeldande smittevernsreglar. 

Vi oppmodar alle utøvarane om å ta med og å bruke kun eige spyd. Spyd må desinfiserast før og etter stemnet.

Vi oppmodar alle utøvarane om å ta med eige desinfeksjonsutstyr.

 

23.05.2020
- olve.oyehaug

Oppslagsboka 2020 er no klar.

Oppslagsboka er eit informasjonshefte frå Møre og Romsdal Friidrettskrets.

Nettutgåve ligg på: https://www.friidrett.no/k/more-og-romsdal/organisasjon/oppslagsbok/

14.05.2020
- olve.oyehaug

No er det opna for bestilling av klubbkle for Ørsta IL friidrett. Vi har som tidlegare år kle frå Trimtex. Dette er primært kle for dei som er 10 år og eldre. 

Link til nettbutikken: http://trimtex.no/no/teamshop/%C3%B8rstafriidrett

For dei som ikkje har handla før må ein opprette ny konto.

Aktiveringskode: ørstafriidrett

Ved problem med innlogging kontakt: support@trimtex.no

Siste frist for bestilling er 31. mai. Etter det vert nettbutikken stengt for bestilling. Forventa levering er tidleg i juli.

14.05.2020
- olve.oyehaug

Kalender

Januar
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket