Nyheter

Tidsskjema, klubblister, startlister og funksjonærlister er klare.

Sjå nøye gjennom klubblister og startlister og meld frå snarast til arrangør om de finn feil. 

Stemnestart vert kl 12 for alle aldersklassar, men nokre av utøvarane har første start etter kl 12.

Utøvarar bør møte ca 45 minutt før første start for å hente startnr og å gjere seg klare.

Trykk på linkane under for å opne listene:

Startliste v1 - Klubbstemne 8 mai 2021

Klubbliste v1 - Klubbstemne 8 mai 2021

Tidsskjema-klubbstemne 08.05.21

Funksjonærliste v3 Klubbstemne 8 mai 2021

06.05.2021
- olve.oyehaug

Ørsta IL friidrett inviterer til klubbstemne på Ørsta stadion laurdag 8. mai for aldersgruppene 6-19 år. Stemnet vert avgrensa til Ørsta IL friidrett sine utøvarar.

Påmeldingsfrist er tysdag 4. mai. Påmelding på minidrett.no eller appen MinIdrett. Det vert ikkje opna for etterpåmelding. 

Stemnet vert arrangert i tråd med gjeldande retningsliner knytt til covid-19-pandemien. Les derfor nøye gjennom innbydinga for å setje deg inn i reglane.

Trykk her for innbyding - klubbstemne Ørsta IL friidrett 8. mai 2021

30.04.2021
- olve.oyehaug

25 ivrige utøvarar stilte til start på dagens gateløp i Ripateigane i Ørsta i dag. Løpet gjekk på asfalt og grus. 10-12-åringane sprang ca 600 meter. Dei som var eldre sprang ca 850 meter. Raskaste løpar i 600-metersløypa var Pia Flatjord Tofteland (J12) med gode 1,49,3. Raskast i den lengste løypa var Jonatan Hovden Ryste (G13) med 2,40,9.

Stemnet vart arrangert i tråd med gjeldande smittevernsreglar. Deltaking var derfor avgrensa til Ørsta IL sine utøvarar i alderen 10 år og eldre. 

Løpet var ein god start på utesesongen for friidrettsgruppa. Frå no av er treningane og stemna ute.

Trykk her for resultatliste: Gateløp 27.04.2021 resultat

27.04.2021
- olve.oyehaug

Treningstidene for våren er klare. Treningstidene er som tidlegare. Sjå sidemenyen, eller gå direkte til:

https://www.orstail.no/Friidrett/Friidrett-sidemeny/Treningstider.html

Vi har no planen klar for dei som er 8 år (2013-modellar) og eldre. Vi arbeider med planen for 6-7-åringane også.

22.04.2021
- olve.oyehaug

Ørsta IL friidrett inviterer til gateløp tysdag 27. april kl 18:00

Stad: Ripateigane - Mellom Ørsta ungdomsskule og Brødr Øyehaug. Oppmøte ved inngangspartiet til ungdomsskulen mot nord-aust (sjå kart under)

Dato: Tysdag 27. april

Klokkeslett: Kl 18:00 for 10-12 år. Kl 18:30 for 13 år og eldre

Påmelding ved frammøte kl 18:00. Påmeldinga stenger kl 18:15.

Løype: Ca 600 meter for 10-12 år. Ca 850 meter for 13 år og eldre.

Pris: Kr 50,- (Vipps ved påmelding ved frammøte. Vipps nr #103512 Ørsta Friidrett)

P.g.a. covid-19-pandemien må vi avgrense deltaking. Dei som kan delta er Ørsta IL friidrett sine medlemer. 

Tidsskjema:

* Påmelding kl 18:00. Påmeldinga stenger kl 18:15.

* Gjennomløping av løypa for 10-12 år kl 18:15.

* Løpsstart for 10-12 år kl 18:25.

* Gjennomløping av løypa for 13 år og eldre kl 18:30.

* Løpsstart for 10-12 år kl 18:45.

 

 

22.04.2021
- olve.oyehaug

Kalender

September
MTOTFLS
303112345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930123

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket