Nyheter

Sju unge utøvarar frå Ørsta IL friidrett viste stor framgang og god førjulsform under dagens Sparebanken Møre leikane i Ulsteinhallen. Dei kunne reise heim med 12 medaljar, 12 nye personlege rekordar innandørs, 9 nye klubb/aldersrekordar innandørs og 5 resultat over 900 Tyrvingpoeng. 

Pia Flatjord Tofteland tok eitt gull og to sølv og sette tre nye klubbrekordar J11: 60 m på 9,10 sek og 932 Tyrvingpoeng, 200 m på 30,44 sek og 942 Tyrvingpoeng, og lengde med 4,23 m og 974 Tyrvingpoeng.  

Julie Hovden Ryste vann alt ho deltok i og tok heim tre nye klubbrekordar J12: 60 m på 9,07 m, 200 m på 30,78 sek, og lengde med 4,44 m og 945 Tyrvingpoeng. 

Jonatan Hovden Ryste vann begge løpa han deltok i og tok sølv i lengde. Han sette og tre nye klubbrekordar G12: 60 m på 8,82 sek, 200 m på 28,70 sek som gav 906 Tyrvingpoeng. I lengde hoppa han 4,24 m.

Rasmus Nymark (G12) var berre 2/100 bak pers på 60 m. Han deltok og i lengde.

Isak Arneson Lothe (G12) viste god framgang og sette personleg rekord i alle tre øvingane han deltok i. 

Elise Aarflot (J14) tok bronse i lengde med 4,47. Ho to 4. plass på 60 m, berre 2/100 bak bronse. 

Filip Hoggen (G16) sprang 400 m på 57,95 sek og tok gull. Dette er den tredje beste tida hans på 400 m. Han vann og lengde med 5,18 m.

Stemnet var arrangert i tråd med gjeldande smittevernsreglar. Både deltaking og utval av øvingar måtte reduserast samanlikna med tidlegare stemne. Arrangør var Dimna IL. Resultatliste finn de på Dimna IL sine nettside. Trykk på linken under for resultat:

https://www.dimna.no/?command=article.getAttachment&articleId=151759&file=resultatliste_sbm-leikane2020.pdf

 

28.11.2020
- olve.oyehaug

Friidrettsgruppa ønskjer velkomne til vintersesongen 2020/2021! Treningane startar første veka i november for dei som er 2011-modellar og eldre. For dei yngste startar treningane opp att i slutten av april.

10-12 år (2009-2011-modellar)

  • Tysdag kl 18-19: Løp, hopp, spenst, styrke (inne) - Ørstahallen - løpebana og kanskje litt i gymsal
  • Torsdag kl 18-19: Løp, hopp, kast, spenst, styrke (inne) - Ørstahallen - løpebana og gymsal

13 år og eldre (2008-modellar og eldre)

  • Måndag 18.00 - 19.30: Langsprint (ute) frammøte utanfor Ørstahallen (kl 19.00-19.30 er det spenst)
  • Tysdag 18.00 - 19.30: Spenst, styrke og hopp (inne) - Ørstahallen - gymsal
  • Torsdag 18.00 - 19.00: Kortsprint (ute) - frammøte utanfor Ørstahallen
  • Lang- og mellomdistanse trenar saman med sprint, men med eige opplegg.
  • I tillegg arbeider vi med å få til meir kasttrening for 13 år og eldre. 

Spydseglet er snart klart inne i Ørstahallen. Då vert det også innandørs spydtrening. 

 

Treng foreldrehjelp for å klare å gjennomføre vintertreningane

I samband med covid 19-pandemien er vi heilt avhengige av hjelp på treningane frå foreldra denne vinteren for å klare å gjennomføre treningane. 

Vi må ha foreldrehjelparar som kan ta ansvar for å hente og vaske utstyr, tørke av overflater i garderobe etter trening. Vi kan og trenge foreldre som kan bidra litt på sjølve treningane, t.d. ved fråvær frå trenarane. 

I samband med covid-19-pandemien er kan det vere at det vert endringar i opplegget. Det er treningar i små grupper på 20 og færre. Smittevernsreglar vert praktiserte på treningane, og vi følgjer retningslinene frå myndigheitene og friidrettsforbundet. 

 

Trenarar og hjelparar:

10-12 årsgruppa:

  • Ingrid Aarflot Ryste (tysdag)
  • Grethe Flatjord (tysdag)
  • Yngve Vadstein (torsdag)
  • Olve Øyehaug (torsdag og ein del tysdagar)

13 år og eldre-gruppa

  • Kari Lundestad Myrold - sprint (måndag og torsdag)
  • Elin Opsal - spenst, styrke og teknikk, og opplegg for langsprint (tysdagar)
  • Åsmund Keilen - spenst, styrke og teknikk (tysdagar)
  • Erik Drange Tønnessen - alle øvingar (varierer kva dagar han er med)
  • Åse Øyehaug - vikar/hjelpar tysdagar
  • Michele Tharaldsen Hoggen - vikar/hjelpar måndag/torsdag 
  • Ole Jørgen Ose - slegge, diskos (dag ikkje bestemt endå)

N.B.! Mellom- og langdistanse-utøvarane må gjere avtale med Elin om opplegg.

 

 

31.10.2020
- olve.oyehaug

Arnstein Nikolai Ose sette klubbrekord i slegge 4 kg i klassen G15 med 37,10 meter. Den gamle rekorden hadde stått sidan 2003.

Friidrettsgruppa hadde samla ein gjeng for å sanke inn dei siste poenga til lagserien. Mangekjemparen Erik Drange Tønnessen (menn senior) gjennomførte heile fire øvingar. I kule 7,26 kg støytte han 10,95 meter. Han kasta godt både i slegge og diskos, og avslutta med 1500 m. 

Thea Nilsen har trent ein del diskos i år og fått god teknikk der. I dag kasta ho senior-diskosen (1 kg) 24,66 meter. Ho støytte seniorkula (4 kg) 6,00 meter.

Maria Mjelva Straume som er blant dei beste i landet på mellomdistanse blant 15-åringar sanka inn poeng på 400 meter, og så avslutta ho med å sette pers i høgde med 1,25 meter. Det var slett ikkje verst sidan ho ikkje har hoppa høgde sidan ho var rundt 11 år.

Med desse resultata har Ørsta IL friidrett resultat i 20 av 20 øvingar i både kvinner senior og menn senior. Resultatmessig ligg klubben truleg nokonlunde likt med resultata frå dei siste åra. Lagserien vert avslutta 31. oktober.

Trykk her for resultatliste - treningsstemne

29.10.2020
- olve.oyehaug

Ørsta IL friidrett avslutta sesongen med det morosame stemnet omvend 5-kamp. Det vart konkurrert i 100 m på idealtid, 60 m baklengs to gongar, rotasjonshopp mot venstre og høgre, kulestøyt med venstre og høgre hand og til slutt spydcup. I øvingane som ein gjer to gongar er det om å gjere å ha likast resultat.

Dei yngste gjer det ofte minst like godt som dei eldste på dette stemnet. Vinnaren var 12-åringen Jonatan Hovden Ryste, med 46 poeng. Tett bak han kom Ragne Øyehaug med 49 poeng. Tredjeplassen gjekk til Mads Melle Lundberg med 56 poeng. Lågast poengscore er best. Det var tre 10-åringar på dei fem første plassane.

Trykk her for resultatliste omvendt 5-kamp

På slutten av stemnet var det og premeutdeling for dei som har delteke på cup-stemna i år. Hovudsponsor Sparebank 1 Søre Sunnmøre var og på stemnet og delte ut ekstrapremiar til alle deltakarane.

Det har vore ein spesiell sesong p.g.a. covid 19-.pandemien. Vi er likevel glade for at vi har fått høve til å gjennomføre både treningar og stemne, sjølv om det har vore noko nedskalert samanlikna med normalsesongar. 

No tek friidretten i Ørsta pause i oktober. Vi startar opp att treningane for 2011-modellar og eldre i november.

Vi har treningstider i Ørstahallen tysdag og torsdag kl 18. Dei eldste kjem truleg og til å ha trening måndagar kl 18. Vi kjem tilbake med meir informasjon om treningane i oktober, når vi har fått planlagt ferdig.

01.10.2020
- olve.oyehaug

Elias Hovden Nilsen imponerte med 4. plass i spyd i NM i friidrett. Han kasta 63,55 meter, berre ein drøy halvmeter bak personleg rekord. 

- Eg hadde vona på litt betre resultat, men er godt nøgd med 4. plass, sa Elias. 

Elias er no i same treningsgruppe som gullvinnar Kasper Sagen. Motivasjonen er høg for vidare satsing. 

Andrine Hjellen Haugland tok 7. plass med eit kast på 41,30 m. Med det klarte ho sesongmålet på topp-8-plassering i NM. 

Andrine og Elias stadfesta igjen at Ørsta IL friidrett har to utøvarar på nasjonalt toppnivå i spyd.

NM i friidrett vart arrangert på Fana stadion i Bergen 18.-20- september. 

20.09.2020
- olve.oyehaug

Kalender

April
MTOTFLS
2930311234
567891011
12131415161718
19202122232425
262728293012

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket