I informasjonsheftet finn du informasjon om treningar, stemne, datoar, reglar, familieturar og mykje meir.
Ørsta IL friidrett inviterer til Ørstastafetten 2019 på Ørsta stadion søndag 28. april 2019. Det er i år 50-års-jubileum for Ørstastafetten!
Trykk her for startliste (sortert på etappenr)
Trykk her for klubbliste (NB! Namna er kutta, ikkje sortert etappar)
Seks av utøvarane i eldstegruppa til Ørsta IL friidrett er på treningsleirar på Kypros og i Danmark i påska. På Kypros er rundt 60 utøvarar samla i regi av Møre og Romsdal friidrettskrets. Fire av våre er med der. I Danmark er to av våre på kastsamling.
Andrine Hjellen Haugland er i storform allereie tidleg i april. På sesongopninga i dag 8. april kasta ho 600 gr spydet heile 49,90 m! Det er Norgesklasse-resultat! No er Andrine berre 1,10 m bak kvalifiseringskravet til EM U23.
Tysdag 23. april startar Ørsta IL friidrett opp utesesongen for alle aldersgrupper. Første aktivitet er gateløpet i Vikegata. Etter det er det stort tilbod på friidrettsfronten. Vi skal ha treningar, rekrutteringscup og mykje meir.
Kalender
|