Nyheter

Ørsta IL friidrett sine treningstider følgjer skulekalenderen. Det er ikkje fellestreningar i skuleferien for dei som er 12 år og yngre. For dei som er 13 år og eldre er det program gjennom heile ferien. Oppstart etter skuleferien er 20. august.

16.06.2019
- olve.oyehaug

120 barn og unge frå Ørsta IL friidrett deltok på Friidrettens dag på Ørsta stadion 4. juni. På Friidrettens dag får dei yngste utdelt eit startnummer der funksjonærane skriv resultata rett på startnummeret. Barna går mellom 8-10 stasjonar i ein time.

04.06.2019
- olve.oyehaug

Det var god deltaking på cup nr 4 på Ørsta stadion i dag. 

Trykk her for førebels resultatliste, versjon 2 (oppdatert kl 23)

Meir info kjem snart.

04.06.2019
- olve.oyehaug

Elias Hovden Nilsen (G18/19) kasta spydet 58,09 m på Framoleikane i Bergen. Det gav solide 981 Tyrvingpoeng, gullmedalje, ny personleg rekord og klubbrekord menn senior/junior og G18. Elias er no øvst på landsstatistikken i si aldersklasse.

02.06.2019
- olve.oyehaug

Ørsta IL stiller med åtte utøvarar på det 26. Framoleikane på Fana stadion i Bergen 31. mai - 2. juni. Framoleikane er det største friidrettsstemnet på Vestlandet.

Sjå meir info om stemnet på: http://www.framolekene.no

28.05.2019
- olve.oyehaug

Kalender

Juli
MTOTFLS
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930311234

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket