Siste fellestrening før jul var torsdag 19. desember. Fellestreningane tek juleferie.
Oppstart fellestreningar etter nyttår:
13 år og eldre: Torsdag 2. januar
10-12 år: Tysdag 7. januar.
Treningstider er dei same som før jul.
Vi oppmodar om mykje eigentrening
Det var god deltaking på innandørsstemnet i Ørstahallen tysdag 17. desember. 32 deltakarar konkurrerte i lengde utan tilløp, høgde utan tilløp og kule. Det vart mange persar.
Ørsta IL friidrett inviterer til treningsstemne tysdag 17. desember kl 17.30 i Ørstahallen.
Øvingar: Kule, lengde utan tilløp, høgde utan tilløp.
Aldersklassar: 10 år og eldre (2010-modellar stiller i 10-årsklassen).
Påmelding ved frammøte.
Ørsta IL friidrett imponerte på stemnet med mange deltakarar, stor innsats og gode resultat. 30 utøvarar frå Ørsta IL friidrett i alderen 5 til 18 år stilte til start.
Vi gjer klar Ørsta stadion til vinteren: Ta inn utstyrskasser, kastnett og høgdehoppmatte.
Vi flyttar og noko av utstyret frå utelageret til Ørstahallen til vintertreningane.
Frammøte framfor tidtakarbuda på stadion. Raskt unnagjort ved godt frammøte. :-)
Kalender
|